Vann mot staten – får dispensasjon i ti år

Den omstridde slaktebåten Norwegian Gannet får dispensasjon til å landa all fisk ved mottaksanlegget i Hirtshals i ti år.

Slaktefartøyet Norwegian Gannet til kai i Bergen.

Etter fleire rundar i retten har fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i dag gjeve Hav Line Gruppen AS ti års dispensasjon frå fiskekvalitetsforskrifta sitt punkt om produksjonsfisk.

Les: Slaktebåten får dispensasjon

Produksjonsfisk er fisk med feil eller manglar. Ifølgje fiskekvalitetsforskrifta må slik fisk sorterast, og feilane rettast, før fisken kan fraktast ut av landet.

– I vurderinga har vi blant anna lagt vekt på Norwegian Gannet sine innovative løysingar og mogelegheiten til å flytta gods frå veg til sjø. Vi har også teke omsyn til at Hav Line har investerte store summer på et tidspunkt der det kan ha vore rom for tvil om tolkinga av kravet om innanlands sortering, seier Ingebrigtsen. 

Fiskeri- og sjømatministeren understrekar at dispensasjonen er gjeven avdi Norwegian Gannet er eit særskilt tilfelle.

Les: Prisdryss til Norwegian Gannet

Les: Utfordringar i kø for verdas første slaktefartøy

Norwegian Gannet hentar fisk i merdene på Vestlandet og slaktar undervegs til Hirtshals, har ein kapasitet på 1.000 tonn sløyd fisk per tur, eller 20.000 fisk i timen. Fisken vil verta levert til Danmark to døgn raskare enn om han hadde blitt transportert med trailer frå slakteri langs norskekysten. Slik kan han spara det norske vegnettet for inntil 86 trailerlass per tur.

Innkortinga av logistikklina har premiert eigarane med 20 millionar kroner i tilskot frå Kystverket for overføring av gods frå veg til sjø. Reiarlaget har og fått 6,55 millionar kroner frå Enova for tilrettelegging av fartøyet for hybriddrift, med nyutvikla teknologi for energioptimalisert motor og batteripakke. Slaktebåten skal også kunna nytta landstraum.

Les: Slaktefartøy får Enova-støtte

Hav Line Gruppen AS vert eigd 50 – 50 av Sekkingstad-familien og Haugland Gruppen AS i Bergen. Til saman har dei investert over ein halv milliard kroner i fartøyet. 

Dagens vedtak inneber at den planlagte ankesaka i Gulating lagmannsrett til sommaren ikkje vert noko av, ifølgje Ingebrigtsen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggarar likar dette: