No kan du registrera deg i vaksinekø

Samtlege innbyggjarar mellom 18 og 74 år i Øygarden får i desse dagar ein sms med oppfordring om å registrera seg i vaksinekø.

På heimesida til Øygarden kommune finn du meir informasjon. Her er det mange vegar som fører fram til påloggingssida for å registrera seg i vaksinekøen, viser prosjektleiar Grethe Bergsvik.

Det er framleis stor uvisse kring massevaksinasjonen av øygardsstrilar mot korona. For å vera føre var køyrer likevel den kommunale kriseleiinga i dag i gang ein sms-kampanje for å få oss til å registrera oss i vaksinekø. Samtlege innbyggjarar i kommunen mellom 18 og 74 år vert oppfordra om å følgja lenkja i sms-en og seia frå om dei ønskjer å vaksinera seg.

Registreringa er frivillig. Tilbodet er først og framst meint for at kommunen skal kunna planleggja gjennomføringa av massevaksinasjonen. Av omsyn til planlegginga er det også høve til å kryssa av dersom ein slitt ikkje ønskjer å vaksinera seg, seier prosjektleiar Grethe Bergsvik og smittevernlege Jens Eikås i Øygarden kommune.

For å redusera risikoen for eventuelle biverknadar vert dei som registrerer seg samstundes bedne om svara på nokre helserelaterte spørsmål.

Innlogginga kan skje med bankID eller minID. 

Massevaksinasjon
Sjølve vaksineringa vil skje i Sotra Arena. Tidspunkt for vaksinasjon og tempoet i gjennomføringa vil først verta avgjort etterkvart som det vert avklart kva vaksiner kommunen får tildelt frå FHI.

Beredskapen legg opp til at inntil 120 personar skal kunna vaksinerast i timen. Eit opplegg som vil stilla store krav til personell. 35 – 40 personar, i to skift, skal kunna vaksinera inntil 1.200 personar per dag.

-Når innkallinga kjem er det viktig berre å møta, av omsyn til gjennomføringa. Kommunen vil ikkje ha noko apparat for tildeling av time i henhald til personlege preferansar, seier Bergsvik.

Håpet er at massevaksineringa vil koma i gang i mars, seier Eikås. 

Koronatelefon
Dei som har problem med den digitale registreringa, vil kunna ringa kommunen sin korona-telefon, 56160010, der det er oppretta ein eigen kø for registrering. 

Parallelt med massevaksineringa vil fastlegane kalla inn eldre og personar dei veit er i risikogruppene.

Dersom 70 prosent av innbyggjarane vel å vaksinera seg vil det vera gode utsikter til å oppnå sokalla folkeimmunitet.

Smittevernlegen reknar med at kommunen vil få tilgang til alle dei tre vaksinene som så langt er godkjende for bruk i Norge; Pfeizer, Astra og Moderna. Begge dei to første krev to rundar med vaksine, med tre vekers mellomrom, medan det med Moderna berre vil verta naudsynt med eitt stikk, ifølgje Eikås.

 

4 thoughts on “No kan du registrera deg i vaksinekø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.