Kundane oppdaga nye måtar å handla på

Dagleg leiar Ida Nygard og kollegaene hennar i Mester Grønn Sartorparken smiler om kapp med sola. Oppslaget på Øygarden24 om Ida Nygard og Mester Grønn Sartorparken som frykta stortap som følgje av koronastenging førte til at kundane i staden oppdaga nye måtar å handla på.

Blomsterhandelen i samband med Morsdag og valentinsdagen gjekk over all forventning. Telefonen stod ikkje stille, sjølv om butikken fysisk var stengt. Mange var det også som nytta klikk-og-hent, smiler dagleg leiar Ida Nygard i Mester Grønn Sartorparken.

-Takka vera oppslaget på Øygarden24 fekk øygardsstrilane augene opp for at det finst alternative måtar å handla blomster på, og det ser ut til at interessa framleis held seg, legg den glade blomsterhandlaren til.

Les: Håpar nettsal skal kompensera for koronastenging

Koronastenginga sist veke sette blomsterhandlaren i ein ekstem situasjon. I eitt normalår ville blomsterbutikken ha henta inn åtte -ti prosent av årsomsetnaden i tilknyting til Morsdag og valentinsdagen. No vart dei istaden nøydd til å stengja dørene. Ni av dei 13 medarbeidarane var permitterte.

Verken Vestnytt, BT eller BA syntes det skeive utslaget av styremaktene sine koronatiltak var noko å skriva om. Øygarden24 derimot følgte opp tipset. Saka som kom ut av det vart mykje delt på Facebook og vart godt lest. Då ordførar Tom Georg Indrevik seinare same dagen følgte opp med ein personleg appell til sine eigne 3.000 følgjarar på Facebook, var det få øygardsstrilar som ikkje hadde fått med seg bodskapen.

Les: Indrevik kompenserer med personleg initiativ

At omsetnaden for blomsterbutikken heile veka likevel ikkje enda på nivå med eit normalår, skuldast ikkje manglande pågang frå kundane, men at koronastenginga gjorde det vanskeleg å planleggja innkjøpa, ifølgje Nygard.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.