Dugnadsgjeng sørga for at turgåarane i Kolltveitmarka igjen kan gå trygt over Bekkabruna.

Kolltveitmarka og Kolltveitvassdraget er eit populært turområde, men ikkje alle stadar er det like einkelt å ta seg fram. Den gamle gangbrua frå 1880-talet i nordvestre enden av Storavatnet var blitt utrygg for turgåarane. Entusiastar i Fjell Kulturminnelag nytta kuldeperioden siste vekene til ein hardt tiltrengt reparasjon, melder Kulturminnelaget på heimesidene sine.
Inst i nordvestre hjørna av Storavatnet ligg Bekkabruna utilgjengeleg til for gravemaskiner. Skulle brua igjen bli trygg å ferdast på, måtte det rå muskelkraft til, nett som då brua vart bygd for kring 140 år sidan.

Dugnadsgjengen nytta kuldeperioden og det islagte Storavatnet til å slepa fram store, 375 kilo tunge steinheller frå rundkøyringa ved Kolltveit-tunnelen.
Etter slepet på silkeføret og nokre tunge løft kan dugnadsgjengen gleda seg over at steinhellene no er på plass som ny brulegging på toppen av brua.
Kolltveit og Kolltveitvassdraget har ein sentral plass i den tidlege industrihistorien i Fjell. Her kan du lesa meir om Kolltveit – det gløymte industrieventyret.
