Gjestekommentar: Øygarden treng fleire kvinner i maktposisjonar

Øygarden SV tykkjer det er flaut at den nest største kommunen i Vestland fylke berre har menn i den politiske leiinga.

Av Jonas Aleksander Foldnes, Øygarden SU og SV

I Noreg i dag har me kome langt i kampen for jamstilling. Kvinner og menn er jamstilte etter lova. Lønsgapet vert mindre og mindre, samstundes som fleire og fleire kvinner kjem inn i maktposisjonar. Likevel kan me sjå at kvinner i ekstremt større grad enn menn vert utsette for seksuell trakassering, overgrep og valdtekt. Me kan òg framleis sjå at kvinner verken tenar like mykje som menn, eller vert vald til maktposisjonar i same grad som menn vert.

I dag har me 45 kommunestyrerepresentantar i Øygarden Kommune. Av desse 45 er berre 15 kvinner. Det er skammeleg få. I tillegg er både ordførar, varaordførar og kvar einaste utvalsleiar og nestleiar menn. Det er ikkje bra nok! Sjølv om berre 15 av dei 45 kommunestyrerepresentantane er kvinner, så betyr det at det er 15 kompetente kvinner, og at fleire av desse kan og bør vere i leiinga av kommunen i dette kommunestyret. Er dette eit kommunestyre som verkeleg representerer befolkninga i vår kommune?

Øygarden SV tykkjer det er flaut at den nest største kommunen i Vestland fylke berre har menn i leiinga. I ein kommune med 20 000 kvinnelege innbyggjarar er ikkje ei einaste kvinne i den politiske leiinga. Det er ikkje bra nok!

Etter valet i 2019 fekk me i Noreg 126 kvinnelege ordførarar. Dei representerer 35% av ordførarane i Noreg. Øygarden bidreg ikkje til dette. Me fekk òg 3782 kvinnelege kommunestyrerepresentantar. Dei representerer 40 % av kommunestyrerepresentantane i Noreg. Øygarden bidreg ikkje til å få opp prosentandelen på dette heller. Det er ikkje bra nok!

Då den nye kommunen vart presentert, fekk me høyre at kommunen skulle vere eit Fyrtårn i Vest. Eit døme både framtidige politikarar og noverande politikarar skulle kunne sjå til og følgje. Kvifor går me då bakover og ikkje framover i utviklinga? Me skulle vere prakteksempelet, men me vart det stikk motsette! Det verkar nesten som om fyrtårnet i vest har slokke, og det er ikkje bra!

SV krev:
• Ein målretta plan for å rekruttere kvinner til kommunestyret og for å inkludere kvinner i den politiske leiinga og i andre sentrale stillingar i administrasjonen
• At det vert oppretta eit eige likestillingsutval.
• At det skal leggast til rette for at kvinner og småbarnsforeldre kan delta og vere politisk aktive.

Les: Kommentar: Den nye varaordføraren – det må verta eit kvinneval

Les: Kommentar: Fyrtårnet slår sprekker

4 thoughts on “Gjestekommentar: Øygarden treng fleire kvinner i maktposisjonar

  1. Ja det er greit at en synes det er flaut at det er underdekning av kvinner i det politiske liv og at en stiller kvinnekrav. Men det er også på.sin plass å spørre hvorfor for få kvinner ikke har tid og overskudd til å engasjere seg i politikk. Eller er det slik at politikk ikke engasjerer kvinner så mye. Helt generellt er det vel slik at politikk engasjerer et fåtall mennesker i samfunnet og de som blir med i dette ofte får et livslangt forhold til politikk. Hvorfor det er flere menn enn kvinner som deltar er et spørsmål en bør stille til kvinnene generelt. For de menn som stiller opp i politikken gjør det fordi de er engasjert i det som foregår i samfunnet og at SV kritiserer menn fordi det er for lite kvinner i politikken blir jo bare komisk. Alle har mulighet til når som helst engasjere politisk. Et fåtall gjør det og færrest av de som gidder er kvinner.
    Så still heller spørsmålet:

    Hvorfor er ikke kvinner interessert i politikk og engasjerer seg inne i det som foregår lokalt og nasjonalt??

    Det spørsmål bør stilles til kvinnene og ikke mennene.

    Likar

    1. Denne må eg berre svara på! Kvinner er interessert i politikk! Øygarden er ein erkekonservativ mannsbastion. Etter to periodar som vara for Venstre vil eg oppsummera: Makt, slektskap og venskap trumfar kunnskap. Hersketeknikkar frå mange hald gjer at ikkje fleire kvinner vinn fram.

      Likar

      1. Vil det si at flertallet av de etablerte partier ikke ønsker kvinner i lederposisjoner? Skjønner ikke helt dette med mannsbastion begrepet. Er det styringspartiene som ikke vil sette kvinner i ledende posisjoner eller er det ikke nok kvinner som er med i partiene. Synes godt at dette kan undersøkes litt nærmere med de enkelte partier. For kvinneandel i politiske partier er uansett avhengig av hvor mange kvinner som engasjerer seg og melder seg inn i et politisk parti . Generelt tror jeg nok at det er få som gidder å engasjere seg i politikken og det er dette som gjenspeiler seg i fordeling av kvinner og menn i de politiske partier. Til syvende og sist er det rekruttering av nye medlemmer som er vanskelig, for jeg vil påstå at de fleste av innbyggerne uavhengig av kjønn orker ikke å engasjere seg politisk. Politikk er for mange helt uinteressant og for mange oppleves det meningsløst å engasjere seg for parti kultur og politikken de representer er så snevert og fastlåst. En må spørre seg hvorfor MDG engasjerer mest kvinner og hvilke partier som primært kun engasjerer menn . Det er jo flere partier her som har kvinner som deltar politisk. Nyere partier kan ha problemer med rekruttering uavhengig av om det er menn eller kvinner???? Mannsbastion er et merkelig ord, hvor har en det fra. Er det ikke også litt tilfeldig hvem som er hva med hvilket kjønn i de enkelte partier??

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.