Indrevik kompenserer med personleg initiativ

I ein Facebookvideo oppfordrar ordførar Tom Georg Indrevik øygardsstrilane til å stilla opp for koronastengte blomsterbutikkar og nytta netthandel og «klikk og hent» når dei handlar blomster til morsdag og valentinsdag.

Stort tydelegare kan det neppe seiast. Ordførar Tom Georg Indrevik får overrekt blomster frå dagleg leiar Ida Nygard i Mester Grønn Sartorparken framfor reklamen for «klikk og hent».

-Blomsterbutikkane kjem særs uheldig ut som følgje av smitteverntiltaka i tilknyting til den siste koronanedstenginga, seier ordførar Tom Georg Indrevik (H) til nettavisa Øygarden24.no.

Salgstopp
Morsdag og valentinsdag er to av årets største dagar for sal av blomster, forutan jul. I eit normalår ville Mester Grønn Sartorparken ha henta inn åtte – ti prosent av årsomsetnaden i tilknyting til desse dagane. I år fryktar dagleg leiar Ida Nygard at koronastengde butikkar vil føra til at daglegvarebutikkane overtek mesteparten av blomsterhandelen.

Les: Håpar nettsal skal kompensera for koronastengte blomsterbutikkar

Ta opp i Oslo
Som svar på henvendinga frå nestleiar Brith Ediassen i Øygarden Venstre lovar Indrevik å tala blomsterbutikkane si sak i koronamøter med Statsforvaltaren og FHI. Då nedstenginga er eit resultat av nasjonale vedtak har han likevel ikkje stor tru på gjennomslag i Oslo, medgjev han.

Eksempelets makt
Då har Høgreordføraren større tru på det personlege initiativ og eksempelets makt.

Først ringte Indrevik Ida Nygard hos Mester Grønn Sartorparken og bestilte blomster til kona i anledning morsdag og valentinsdag førstkomande søndag. 

Facebook-video
Då Indrevik i ettermiddag stakk innom for å henta blomstrane til sin kjære vart overrekkinga foreviga på video. I videoen som han har publisert for dei 3.000 følgjarane sine på Facebook reklamerer øygardsordføraren for nytta netthandel og «klikk og hent» når dei kjøper blomster til mødre, koner og kjærestar til helga.

-Kjempeflott at Indrevik går føre med eit godt eksempel. Då får vi sett lys på problemet. Han gjer det han kan, håpar verkeleg at fleire følgjer opp, seier Brith Ediassen om ordføraren sitt Facebookstunt.

One thought on “Indrevik kompenserer med personleg initiativ

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.