Håpar nettsal skal kompensera for koronastenging

Skeivt utslag av koronatiltaka tving dagleg leiar Ida Nygard i Mester Grønn Sartorparken til å stengja dørene for publikum ei av dei aller travlaste vekene i året. Daglegvarebutikken vegg-i-vegg riggar seg for å overta marknadsandelar.

Dagleg leiar Ida Nygard i Mester Grønn Sartorparken har butikken full av blomar til morsdag og valentinsdagen. Du kan ringa, eller bestilla på nett heilt fram til klokka 11 på søndag og få blomane tilkøyrt, reklamerer ho.


Ved sida av jula er morsdag og valentinsdag dei aller travlaste dagane i året for Ida Nygard og medarbeidarane hennar i Mester Grønn Sartorparken. I eit normalår ville åtte -ti prosent av årsomsetnaden ha kome denne veka.

Ni permitterte
Dette året har Nygard i staden måtta permittera ni av dei 13 medarbeidarane på grunn av koronatiltaka som vart innført sist helg. Nett- og telefonsal har langt frå same salseffekten som om kundane kunna ha stukke innom butikken og late seg freista av det overveldande blomsterfloret i lysande fargar.

Les: Åtvarar om at det kan koma nye restriksjonar

Tapet vert ekstra stort fordi morsdag og valentinsdagen i år kjem same veka, seier Nygard.

-Det skal ei veldig spesiell veke til for at vi skal klara henta inn att det vi tapar i omsetnad denne veka, konstaterer leiaren for spesialbutikken som håpar at merksemd om problemstillinga skal setja fart i nettsalet.

Daglegvare overtek
-Blomsterbutikkane er dei einaste ferskevarebutikkane på senteret som har blitt nøydde til å stengja dørene som følgje av desse siste koronatiltaka, har den ulukkelege blomsterseljaren merka seg.

Når butikken er stengt for publikum, har dei heller ikkje lov til å reklamera for blomane i ein utstilling utanfor døra. Det får derimot daglegvarebutikken vegg-i-vegg. Dei har flytta blomsterutstillinga ut i fellesarealet i håp om å overta marknadsandelar.

Konkurransevridande
-Heilt klart eit koronatiltak som rammar skeivt og som er konkurransevridande i dei små spesialbutikkane sin disfavør, seier nestleiar Brith Ediassen i Øygarden Venstre.

Ediassen finn det urimeleg at ein butikk som lever av å selja ei vare, heile året, skal måtta lukka dørene som følgje av korona, samstundes som dei ekstraordinære smittverntiltaka opnar for at andre bransjar skal få overta marknadsandelane.

Ta opp politisk
Nestleiaren i Venstre kjem til å ta tilhøvet opp med den kommunale kriseleiinga. Målet er dei nasjonale koronatiltaka må skjela til dei sveitsiske, der har daglegvarebutikkane fått forbod om å utnytta pandemien til å ekspandera blomstersalet under nedstenging.

-Dette har med solidaritet i ein ekstraordinær situasjon å gjera, hevdar Ediassen.

-Vi treng spesialbutikkane
-Vi treng blomsterbutikkane. Ikkje berre til jul, morsdag og valentinsdag. Slike spesialbutikkar leverer oppsatsar til gravferder, bryllaup og andre store merkjedagar, noko daglegvarebutikkane ikkje kan. Men utan omsetnaden frå dei store merkjedagane, som morsdag og valentinsdag, overlever blomsterbutikkane ikkje, fryktar Ediassen.

2 thoughts on “Håpar nettsal skal kompensera for koronastenging

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.