Dagens sleivspark: Frys du?

Tilfeldige observasjonar gjennom dagen gjer det freistande å stilla spørsmål ved logikken bak eindel av regjeringa sine nyleg innførte koronatiltak.

Vedovnar må til for å halda tusenvis av øygardsstrilar varme når temperaturen kryp ned mot -10.

Dei aller fleste butikkar er stengde for vanleg handel i redsel for spreiing av korona. Det gjeld også byggjevarehus, trelasthandlar og hagesentre – butikkane dei fleste finn det naturleg å henvenda seg til for å handla ved.

Uvante som vi er med snø og kulde, er det mange øygardsstrilar som no frys og hutrar seg gjennom dagane i permisjon eller på heimekontor. Etter ein månad med samanhangande blå grader har mange av dei som er avhengig av ved for å halda varmen forlengst sett siste vedsekken forsvinna opp pipa.

Korona-nedstenginga inneber at vi ikkje lenger berre kan stikka innom næraste trelasthandlar, byggjevarehus eller hagesenter for å etterfylla lageret – om butikken då framleis har meir å selja. Butikkar som framleis har ved er nøydde til å selja han «under disk» – som om ved er blitt ei svartebørsvare.

Noterer meg at frisørar og negledesign vert rekna som kritiske samfunnsfunksjonar. Her er det business as usual. Kriseberedskapen fungerer – etterveksten til justisministeren vert nok ikkje tema på sosiale medier, ikkje denne gongen.

 

One thought on “Dagens sleivspark: Frys du?

  1. En ny påminnelse på at politikere vet ikke hva de gjør.
    Alle vet at det er import smitte.
    Det er enten og stenge for import av folk til disse arbeisplassene eller stenge arbeisplassene.
    Alle butikker, restauranter og skoler har vist at de har en god hms for dette, er det bare de som vedtar dette som ikke forstår hva de gjør?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.