No stengjer det meste ned – igjen

Frykt for spreiing av mutantviruset som herjar i Bergen får ringverknadar for innbyggjarane Øygarden.

Stengde butikkar vil igjen vera i fleirtal på Sartor Storsenter. Bilete frå nedstenginga i mars i 2020.

Øygarden har så langt vore spart for dei store utbrota av korona-smitte. Tre nye smitta i dag vekkjer likevel uro hos kommuneleiinga. 

Utsiktene til ukontrollert spreiing av mutantvirus som for tida herjar i Bergen skapar frykt heilt opp i regjeringa.

Som nabokommune til Bergen, vert Øygarden omfatta av ei rekkje nedstengingstiltak frå om med i kveld og ei veke framover.

Unødvendig reiseverksemd bør unngåast. Alle som har anledning, vert oppfordra til å ha heimekontor.

Handlesentrene må stengja. Unnateke er matbutikkar og butikkar som sel nødvendigheitsartiklar, som helsefaglege verksemder, frisørar, apotek og vinmonopol. 

Dei vidaregåande skulane skal stengja, medan grunnskulane framleis har gult nivå.

Skjenkestopp,

Stengde treningssentre

Idrettsaktivitetar for vaksne må stengja, born kan framleis driva idrett.

Det vert innført nye og strengare reglar for besøk på omsorgsinstitusjonar.

Ordførar Tom Georg Indrevik har innkalla til ekstraordinært formannskapsmøte i kveld klokka 17.00 for å orientera om den nye situasjonen.

 

 

 

One thought on “No stengjer det meste ned – igjen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.