Åtvarar om at det kan koma nye restriksjonar

Innskjerpinga i smitteverntiltaka føl nasjonale retningsliner. Ordførar Tom Georg Indrevik har ikkje anledning til å gje dispensasjonar.

Situasjonen er alvorleg. Sjølv om det har vore langt mellom smittetilfella i Øygarden siste vekene, kan situasjonen endra seg raskt, åtvara ordføra Tom Georg Indrevik i det ekstraordinære formannskapsmøtet i kveld.

Fire smitta
Siste døgnet har det blitt meldt fire nye smitta øygardsstrilar, dessutan vart det i går varsla om tre nærkontaktar til dei som er smitta med det muterte viruset i Bergen. Innan to – tre dagar vil analysene har gjeve svar på om desse er smitta med dei muterte virusvarintane, orienterte kommuneoverlege Stein-Inge Stigen. 

Hektisk
Etter hektisk møteverksemd siste dagane er det no klart at Øygarden frå klokka 18.00 i kveld skal følgja same retningslinene som fleirtalet av de øvrige nabokommunane til Bergen den komande veka. Dette er nasjonale retningsliner som er utarbeidd av FHI i samråd med Helsedirektoratet. Statsforvaltaren har vore med i diskusjonen på kva nivå Øygarden skal innplasserast i henhald til den nasjonale forskrifta, understrekar ordføraren i Øygarden.

Skjerma
-Vi har forsøkt å skjerma barn og unge, oppsummerer Indrevik dei lokale tiltaka.

Les: No stengjer det meste ned – igjen

Barn og unge skal framleis kunna gå på skule og i barnehage. Dei skal og kunna delta i organiserte idrettsaktivitetar.

Nødvendige reiser er framleis lov. Dei som framleis må på jobb, har sjølvsagt lov til det. Det same gjeld dei som har time for behandling på sjukehus, lege osv.

-Det er pliktig bruk av munnbind dersom du ikkje er sikker på om du klarar å halda ein meters avstand. Altfor få nyttar maske, understrekar Indrevik. 

Nye tiltak?
Den kommunale kriseleiinga overvåkar den lokale smitte situasjonen nøye. Seinast tirsdag vil formannskapet få ei ny orientering om korvidt utviklinga tilseier behov for ytterlegare innskjerpingar i smitteverntiltaka. Det nasjonale regelverket opnar i så fall for at tiltaka kan innførast på kort varsel.

Ikkje alle spørsmål er avklart. Retningslinene for besøk på omsorgsinstitusjonane er melom dei tiltaka som er til kontinuerleg vurdering, trass i at dei av bebuarar og personell som kan vaksinerast no er fullvaksinerte, ifølgje Stigen.

Også bebuarane på Bjorøy og Tyssøy kjenner at dei lever i uvissa.

-Kan det verta aktuelt med å innføra påbod om å handla i eigen kommune? Korleis skal bebuarane på øyane som må gjennom Bergen først i så fall forhalda seg, spurte Marianne Sandahl Bjorøy.

 

One thought on “Åtvarar om at det kan koma nye restriksjonar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.