Kommunestyret skal ha siste ordet

Det vert kommunestyret som skal avgjera om Sartor Maskin skal få nye oppdrag i nordre delen av kommunen.

Mykje har vore sagt og skrive om kontraktstildelingar og overskridingar av rammeavtalar i gamle Øygarden. I Fjell var alle avgjerder om innkjøp delegert til administrasjonen. No skal politikarane ta tilbake kontrollen.

Utval for samfunnsutvikling tilrådde tidlegare denne veka oppstart i to entrepenørprosjekt i gamle Øygarden; veg, trafikksikring, VA og utviding av parkeringa ved Blomvåg kyrkje, og byggjetrinn to for VA, veg og trafikksikring på Arseta/Rong. 

Sartor Maskin AS har levert lågaste tilbodet i begge tilfella. I Blomvåg lyd tilbodet på 20,4 millionar. Grunnavståing, gebyr, oppmåling og byggoppfølgjing kjem i tillegg. Totalt kroner 23,778 millionar kroner. På Rong har Sartor Maskin levert eit tilbod på 13,7 millionar kroner. Samla kostnadar her vert stipulert til 20 millionar kroner.

Begge sakene skal endeleg avgjerast av kommunestyret. Dette trass i at kommunedirektøren i henhald til det vedtekne delegasjonsreglementet … har delegert mynde til å avgjere alle saker som er kurante og som ikkje er av prinsipiell karakter.

Oppstart av tiltak som ligg innanfor dei vedtekne rammene i kommunen sin økonomiplan må reknast som kurante einskildsaker. 

Når kommunestyret likevel skal ha siste ordet i desse sakene, er det nærliggjande å sjå tilbake på konklusjonen kontrollutvalet i gamle Øygarden kom til då dei behandla handteringa av rammeavtalen med Sartor Maskin hausten 2019.

Les: Øygarden har brote anbodsreglane

Formannskapet skal 9. februar drøfta punkt 7.5 i delegasjonsreglementet.

Les: Sjølvransaking i formannskapet

Det at kommunestyret skal vedta oppstart og kontraktstildeling i dei to innkjøpssakene i gamle Øygarden er eit signal om at politikarane vil ta ein breiare debatt om kva saker som bør delegerast til administrasjonen.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.