Urovekkjande auke i arbeidsløysa

Heile 1.519 Øygardsstrilar er no registrerte som arbeidssøkjarar. Det er heile 30 prosent fleire enn i fjor, ifølgje NAV.

Nye koronatiltak har ført til auka utryggleik på arbeidsmarknaden siste månaden, kjem det fram av NAV sin dagsferske statistikk.

Størst auke
Øygarden er no den kommunen utanom Bergen som har hatt størst auke i arbeidsløysa samanlikna med fjoråret. Heile 1.519 Øygardsstrilar er registrerte som arbeidssøkjarar ved utgangen av januar.

Det er 348 fleire enn i fjor, tilsvarande ein auke på nærare 30 prosent. 936 av dei er heilt ledige, 464 er delvis ledige og 119 går på tiltak.

Mange arbeidsgjevarar nyttar permitteringar framfor oppseiing. I Øygarden rammar dette 403 personar.

Flest menn
I Vestland er talet på registrerte arbeidssøkjarar no kome opp i 22.1169 personar. Menn er i klart fleirtal mellom dei heilt ledige arbeidssøkjarane, sjølv om det er ei svak overvekt av kvinner som er delvis arbeidsledige.

Halvparten av arbeidssøkjarane er mellom 30 og 50 år.

Krav til omstilling
Utlyste stillingar stiller til dels andre krav til kompetanse enn den arbeidssøkjarane innehar. 

-Krava til omstilling vil vera store, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

– Mange vil ha behov for å anten å ta ei ny utdanning, fullføra avbroten utdanning eller fylle på kompetansen på andre måtar. Endringar i dagpengeregelverket gjer det no mogeleg å kombinere dagpengar med utdanning, seier Bogsnes.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.