Tildeler Northern Lights-kontraktar til 640 millionar

Det er no klart kven som skal byggja røyrleidinga som skal frakta CO2 frå Kollsnes til injeksjonsbrønnen i Nordsjøen.

Kontraktane sikrar at framdrifta i  Northern Lights er i samsvar med plan, seier prosjektdirektør Sverre Overå. Foto: Arkiv/Equinor.

Equinor har i dag kunngjort kven som vinn to sentrale kontraktar i tilknyting til Northern Lights-prosjektet. Kontraktane har ein samla verdi av 640 millionar kroner og vert venta å generera kring 310 årsverk i anleggsperioden, i følgje ei pressemelding frå Equinor.

Les: Startskot for milliardinvestering i CO2-lagring 

Største kontrakten har en verdi på 500 millionar kroner og går til Subsea 7. Stavangerverksemda skal prosjektera, bygga og installera ein 100 kilometer lang røyrleidning som skal frakta CO2 frå mellomlagringsanlegget på Kollsnes til injeksjonsbrønnen i Nordsjøen. Dei skal og leggja ein 36 kilometer lang fiberkabel frå injeksjonsbrønnen til kontrollrommet på Oseberg A.

Arbeidet skal leiast frå Forus, fabrikasjonen av røyrleidninga skal skje på Vigra ved Ålesund. Til saman reknar Subsea 7 med å ha behov for 250 årsverk i anleggsfasen som skal vera fullført i løpet av 2023.

Kontrollsystemet på Oseberg A som skal styra havbotnanlegget er det Aibel som skal prosjektera, bygga og installera. Dei skal og ha ansvaret for å gjennomføra naudsynte oppgraderingar av Oseberg A-plattforma.

Denne delen av arbeider skal styrast dels frå Bergen, dels frå Stavanger og vert planlagt ferdig innan utgangen av 2023. Totalt vert det venta at prosjekter som har ein total verdi på 140 millionar kroner vil medføra 60 årsverk.

-Med desse to viktige kontraktstildelingane sikrar vi at framdrifta i prosjektet vert som planlagt, slik at vi kan levera ein avgjerande del av det viktige Langskip-prosjektet, seier Sverre Overå, prosjektdirektør for Northern Lights.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.