Øygarden kommune har fjerna den nedre grensa for tildeling av krisemidlar etter omtale på nettavisa Oygarden24.
I den første meldinga om kriteriene for tildeling av krisemidlar til koronaramma lokale verksemder var kravet at verksemda minst måtte hatt ein omsetnad på minst ein million kroner i 2019.
Les: Ingen koronakroner til dei minste
Etter at nettavisa Øygarden24 gjorde politikarane merksam på at 135 verksemder i kommunen hadde ein omsetnad mellom 200.000 og ein million kroner og minst ein tilsett i 2019, har kommunen snudd tvert om.
Det er no ikkje lenger noko nedre grensa for å kunna søkja om krisemidlar.
Retningslinene er endra til at verksemder med inntil tre millionar kroner i omsetnad kan tildelast inntil 100.000 kroner som kompensasjon for tapt inntekt som følje av korona.
Øygarden kommune har fått tildelt 3,43 millionar kroner frå Stortinget til fordeling på kriseramma verksemder.