-Det er vedtekne planar som bør vera grunnlag for godkjenning av nye tiltak

Gründarane bak Seafood Group satsar på uprøvd oppdrettsteknologi på land på Golta, men det er ikkje innvendingar mot teknologivalet som gjer at dei har møtt veggen i det offentlege byråkratiet.

Gründarane Petter B. Olsen (th framme) og Johnny Bernhardsen (tv) i Seafood Group AS har FrP-toppane Helge Andre Njåstad, Terje Søviknes og Svein Otto Jacobsen i ryggen i kampen for landbasert oppdrett på Golta.


-Det har vore fire år med frustrasjonar i møte med offentleg forvaltning, sukkar gründarane Petter B. Olsen og Johnny Bernhardsen i Seafood Group AS.

I dag møtte dei stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad (FrP), partiet sin fylkestopp Terje Søviknes og leiar for planutvalet i Øygarden, Svein Otto Jacobsen, for å få råd og hjelp til å løysa den byråkratiske floken dei uforvarande har hamna i.

Landbasert på Golta
Landbasert oppdrett må vera tingen, tenkte Olsen og Bernhardsen då Stortinget kunngjorde ordninga med vederlagsfrie konsesjonar.

Sidan 2016 har gründarane brukt tusenvis av timar og store private midlar i håp om å få alle naudsynte godkjenningar til å byggja eit landbasert oppdrettsanlegg på Golta, i fjøresteinane ut mot Nordsjøen. Sommaren 2019 presenterte dei planane for dåverande fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Les: -Golta ein ideell plass

SIFT-teknologien gründarane satsar på legg opp til eit intensivt oppdrett med større biomasse i merdene enn det som er vanleg. Då søknaden til Mattilsynet gjekk gjennom utan innvendingar, trudde Olsen og Bernhardsen difor at dei største utfordringane var tilbakelagt, men der tok dei sørgjeleg feil.

Reguleringsskvis
Tomten på Golta er ferdig utsprengt og vart vald fordi han alt var regulert til næringsføremål. Difor kom det overraskande på gründarane at fylkesmannen, eller statsforvaltaren som han no heiter, nekta å behandla søknaden om utsleppsløyve.

Avslaget vart grunngjeve med at arealbruken ikkje var tilstrekkjeleg avklart i kommuneplanen for Sund. Arealbruken må sjåast i samanhang med det omkringliggjande området, krev statsforvaltaren.

Det siste er at Statsforvaltaren viser til at området skal nyttast til kultur, sukkar Benhardsen.

I skuffen
Ingen, heller ikkje utvalsleiar Jacobsen, forstår kvar kultur-forslaget kjem frå. I gamle Sund kommune freista dei å få heile området regulert som næring i kommuneplanen, men den planprosessen nådde dei ikkje i land med før kommunesamanslåinga.

-Det planarbeidet er terminert, i påvente av ein ny kommuneplan. Kommunedelplanen for området vil tidlegast vera klar om 4 -6 år. Førebels held vi på med planprogrammet til samfunnsdelen, seier planutvalsleiar Jacobsen.

Høna og egget
Dette er ein høna-og-egget-situasjon, tenkjer Njåstad.

Næringsavdelinga i Vestland fylke kan ikkje ta stilling til konsesjonssøknaden før statsforvaltaren har gjeve klarsignal til utsleppsløyvet. Og statsforvaltaren vil tilsynelatande ikkje behandla utsleppssøknaden før det kommunale planhierarkiet er på plass.

-Sjølv om planprosessen er stoppa, må statsforvaltaren kunna forhalda seg til det som ligg i den vedtekne, opphavelege reguleringsplanen, seier Jacobsen.

Stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad vil ta opp med kommunaldepartementet korvidt utviklinga i samanslegne kommunar kan skje i samsvar med planar som vart vedteke i dei gamle kommunane, eller om initiativrike gründarar må setja tiltaka sine på vent i påvente av nye kommuneplanar.

Vedtekne planar
-Sund kommune har avsett dette området til næring. Det verkar som om statsforvaltaren nektar å forhalda seg til vedtekne planar, og i staden viser til framtidige planar, konkluderer Njåstad.

-Det må kunna skje ei utvikling i dei samanslegne kommunane på bakgrunn av eksisterande planar, samstemmer Søviknes.

Det er alt vedtekne planar, ikkje framtidige planar, som bør vera utgangpunkt for godkjenning av nye tiltak, er dei tre FrP-politikarane samde om.

Njåstad lovar å be kommunaldepartementet om ei prinsipiell avklaring korvidt statsforvaltaren skal forhalda seg til vedtekne planar i dei samanslegne kommunane, eller om initiativrike gründarar som Olsen og Bernhardsen må setja planane sine på vent i påvente av nye kommuneplanar.

Oppfylla vekstmål
Trafikklyssystemet deler Øygarden i raud og gul sone, med forbod mot vekst i biomassen i merdene. Landbasert oppdrett vil vera ein måte å oppfylla Regjeringa sine mål om vekst i havbruksnæringa også i Øygarden, seier Søviknes.

FrP-toppen frå Bjørnafjorden lovar i gjera sitt i fylkeskommunen:
-Fylket vil ha ei større rolle i tildelinga av areal til oppdrett, og har ei langt meir positiv haldning til føremålet i dag enn for 5 – 10 år sidan, legg Søviknes til.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.