Ingen koronakroner til dei minste

Småverksemder med 1 – 4 tilsette og driftsinntekter under ein million kroner kan berre gløyma å søkja om krisestøtte frå Øygarden kommune.

Litt til mange, men ingenting til dei aller minste, kjem det fram av dei politiske retningslinjene dagleg leiar Anita Mannes i Øygarden Næringsutvikling skal forhalda seg til når krisemidlane skal fordelast. Foto: Anders Ekanger/ Vest Næringsråd.

Mange små verksemder i Øygarden er blitt hardt råka av korona-pandemien. Øygarden er ein av dei kommunane i landet med høgast arbeidsløyse. Stortinget har difor tildelt kommunen 4,34 millionar kroner i krisemidlar til fordeling til lokale verksemder som er hardast råka.

Les: Får meir koronakompensasjon

-Målet er heilt klart å berge arbeidsplassar, seier dagleg leiar Anita Mannes i Øygarden Næringsutvikling i ei pressemelding.

Krev millionomsetnad
Det er likevel eit krav at for å vera kvalifisert til støtte må verksemda ha hatt minst ein million kroner i omsetnad i 2019, i følgje retningslinjene formannskapet i Øygarden vedtok sist veke. 

Kravet om minste omsetnad ekskluderer eit rekkje av dei minste lokale verksemdene frå å søkja om støtte.  Heile 135 verksender med adresse Øygarden hadde ein omsetnad på mellom 200.000 og 1.000.000 og minst ein tilsett i 2019, ifølgje Brønnøysundregistra. Ei rekkje av desse tilhøyrer bransjar som slit på grunn av koronatiltaka.

Restaurantar og reiseliv
Restaurantar og reiselivsnæringa står øvst på prioriteringslista. Sosiale entrepenørar og små verksemder med spesielle behov kan og søkja, ifølje ei pressemelding frå Øygarden Næringsutvikling som skal fordela midlane.

For å kvalifisera til støtte vert det krevd at:

  • Verksemda skal ha hatt drift i år 2019
  • Verksemda må ha omsetningssvikt eller likviditetsutfordingar grunna Covid-19 pandemien.
  • Verksemda må vera i restaurant- eller reiselivsbransjen, sosial entreprenør, eller vera ei mindre lokal verksemd med særskilt behov.
  • Føretaket må vera registrert i Brønnøysund under Øygarden kommune.

Politikarane legg opp til å fordela krisemidlane tynnt ut over. Den økonomiske støtte vert fordelt i samsvar med verksemdene si omsetning i 2019. For å koma i vurdering, er det eit krav at verksemda må ha hatt ein omsetnad på minimum ein million kroner.

  • Omsetning mellom 1-3 millionar i 2019 kan tildelast 50.000-100.000 kr
  • Omsetning mellom 3-30 millionar i 2019 kan tildelast 150.000 kr
  • Omsetning over 30 millionar i omsetning i 2019 kan tildelast 200.000 kr

Frist for å søkja om støtte er 17. februar.

 

 

One thought on “Ingen koronakroner til dei minste

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.