Knappen Sjø krev millionerstatning

Vinn Knappen Sjø fram med tolkinga si om kva som er omfatta av det omstridde byggjeløyvet i Austefjorden, vil verksemda krevja erstatning på mange millionar kroner frå Øygarden kommune.

Konflikten mellom Knappen Sjø og Øygarden kommune omfattar ikkje berre ein, men to saker, kunne kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal fortelja formannskapet torsdag denne veka. 

Les: Sjølvransaking i formannskapet

Den mangeårige striden om kva som eigentleg vert omfatta av det omstridde byggjeløyvet i sjøkanten i Austefjorden er ei sak. Ei heilt anna sak er det at Knappen Sjø etterkvart har brukt så mykje ressursar på striden at dei meinar dei har rett på erstatning utover saksomkostningane dei vart tilkjent i Tingretten. 

Erstatningskravet er sett på vent, inntil det ar avklart kva som vert omfatta av byggjeløyvet som tidlegare Sund kommune i si tid gav Knappen Sjø.

Første kravet om erstatning laud på fem millionar kroner. I etterkant av dialogmøtet med ordførar Tom Georg Indrevik og administrasjonen i Øygarden kommune tidlegare i januar har Knappen Sjø høyna erstatningskravet vesentleg, opplyste kommuneadvokaten.

Storleiken på det siste erstatningskravet ønska kommuneadvokaten ikkje å informera politikarane om. Etter det Øygarden24 har fått opplyst frå ei sikker kjelde dreier det seg om 12 millionar kroner.

Kommuneadvokaten ville ikkje å svara på spørsmålet frå Marianne Sandahl Bjorøy (A) om korleis han trur utfallet i ei slik sak vil vera. Det ville vera å førehandsprosedera, hevda han.

Nils Kåre Skoge (H) og Einar Hadler Jacobsen (FNB) er begge tilhengjarar av å løysa konflikten utanfor rettsalen, utan involvering av advokatar.

-Worst case: Om vi må møtast i retten og tapar, vil saksomkostningane uansett berre utgjera ein brøkdel av kostnaden. Saka er ikkje openberr. Beløpet er dessutan så høgt at det uansett bør avklarast i retten, innvende Bjørndal.

Ei eventuell erstatning vil i dette tilfellet vera så stor at formannskapet, truleg også kommunestyret vil måtta behandla saka, ifølgje Indrevik.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.