-Ingen skal behøva døy aleine

No kan alvorleg sjuke og døyande få ei hand å halda i dei siste dagane og timane.

Dei frivillige Unni Landro (framme, tv), Gerd Vik, Ingrid Lie og leiar Janne Mortensen i omsorgstenestene i Fjell Røde Kors ser gjerne at fleire vert med i det gjevande arbeidet.


Det siste året har alvorleg sjuke og døyande i Fjell kunna få besøk av eit medmenneske som har tid til å sitja på sengekanten, prata, eller kan hende berre halda i handa i dei siste dagane eller timane i livet.

-Ingen skal behøva døy aleine, tenkjer dei frivillige i Fjell Røde Kors si våketeneste.

Røde Kors
Våketenesta er ein del av omsorgstilbodet til Fjell Røde Kors. Våketenesta er retta mot alvorleg sjuke og døyande på sjukeheim, i det lokalmedisinske senteret eller i heimen, fortel Janne Mortensen som er leiar for omsorgstenestene i lokallaget.

Øygarden24 møtte Mortensen, saman med dei frivillige veteranane Gerd Vik, Unni Landro og Ingrid Lie, til ein prat om det nye tilbodet frå Fjell Røde Kors.

-Dette er ikkje eit tilbod om pleie. Dei frivillige skal vera der for dei som er aleine, eller som avlastning for pårørande, understrekar dei fire.

Treng fleire frivillige
Våketenesta har blitt godt motteke. Vi har fått tilbod om fleire oppdrag enn det vi har folk til å utføra, seier Gerd Vik og Ingrid Lie som gjerne ser at fleire frivillige melder si interesse for å bidra i dette gjevande arbeidet.

Generelt har omsorgstilboda til Fjell Røde Kors lide mykje under korona. Våketenesta er eitt av dei få frivillige omsorgstilboda som har blitt utført gjennom heil pandemien, ifølgje Mortensen.

Godt rusta
Dei frivillige som er med i ordninga skal vera mentalt rusta til å møta døden. Dei vert godt kursa i forkant. Mange har dessutan bakgrunn frå helsetenestene. Skulle det røyna på vil dei og få tilbod om samtaler med profesjonelle i etterkant.

Flügger
Kursinga av dei frivillige har vore mogeleg mellom anna takka vere økonomisk støtte frå Flügger-andelen. Næringsverksemda gjev rabatt til medlemmar i Røde Kors. Medlemmane sin oppussingsiver i pandemiåret sørga dessutan for at fem prosent av omsetnaden gjekk direkte til organisasjonen. Fjell Røde Kors var ein av dei som mottok mest støtte for 2020, ifølgje konseptansvarleg Steffen Eide i Flügger Farve AS.

-Eit kjærkome økonomisk bidrag i tillegg til Grasrotandelen og Pantelotteri, smiler leiaren for Fjell Røde Kors, Fredrik Mathisen

Sprek 60-åring
Fjell Røde Kors kan feira 60 år i november som kjem. Omsorg og hjelpekorps er dei to sentrale søylene i aktivitetane lokallaget. Styret for den spreke 60-åringen vurderer fortløpande behovet for nye tenester.

Under pandemien har dei mellom anna vore smittevaktar på sjukeheimane slik at dei pårørande har kunna koma på besøk.
Under slike oppdrag går dei frivillig alltid i par, og tenesta vert organisert som faste vakter, seier Lie og Landro.

To lokallag
Fjell Røde Kors er eitt av to Røde Kors-lag i Øygarden kommune. Sund Røde Kors har ei sterkare satsing på fleirkulturelt arbeid.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.