Innbyggjarar i gamle Øygarden som er misnøgde med det dei oppfattar som sentralisering i den nye kommunen har starta underskriftsaksjon i håp om å få tilbake den gamle kommunen sin.

Samanslåinga av Fjell, Sund og Øygarden vart ikkje like heilhjarta motteke hos alle. Størst var skepsisen i gamle Øygarden. Motstanden i kommuneleiinga mot folkerøysting auka skepsisen, og no, eit år etter at den nye kommunen var eit faktum, har ei gruppe innbyggjarar starta underskriftsaksjon for å få den gamle kommunen tilbake.
-Me vil ikkje bli styrt frå Straume, skriv initiativtakarane på Opprop.net. Underskriftsaksjonen «Me som ønskjer gamle Øygarden tilbake», er lagt ut av Tove May Knarvik Storebø.
Folkerøystinga bør koma no, når ein byrjar øyna konsekvensane av samanslåinga, krev initiativtakarane. Dei vil også ha Øygardsnamnet tilbake.
Møtt med skepsis
Men Øygardsopprøret vert møtt med skepsis, også hos dei som i utgangspunktet var skeptiske til kommunesamanslåinga. Knappe to veker etter at oppropet vart lagt ut er det berre 129 personar som har skrive under.
Oppropet har fått 253 delingar på Facebook, og på den opne FB-gruppa Lokalpolitisk gruppe for Øygarden er det dei kritiske kommentarane som dominerer. Dei trur ikkje på at oppropet skal få noko gjennomslag i lokaldemokratiet.
Bakgrunn
Underskriftsaksjonen har bakgrunn i det initiativtakarane oppfattar som brot på lovnadane i intensjonsavtalen:
-I intensjonsavtalen for den nye kommune vart det lagt til grunn at me skulle oppretthalde skule- og barnehagestruktur. Det vart lova at me skulle få levande bygder og næringsutvikling i heile kommunen. Før den nye kommunen er eitt år kjem det framlegg om å endre skulestruktur, fusjonere skular og leggje ned ein velfungerende skule i ei levande bygd. Kvaliteten på våre skular skal tilpassast oss på nivå med kommunar som prioriterer lågare kvalitet på kva oppvekst våre barn og ungdom skal få. Dette finn me oss ikkje i.
Les: Skulen som nektar å verta politisk salderingspost
-Under eitt år etter samanslåing ser me og tydelege signal på sentralisering og nedbygging av dei offentlege tenestene i vår del av den nye kommunen. Me ser at våre eldre som treng sjukeheimsplass vert flytta til gamle Sund og Fjell kommuner. Skular skal fusjonerast, vårt gamle rådhus står utan lys og liv på kveld og helg. Det er ikkje slik me vil ha det her ute.
Øygarden24 har freista få kontakt med Knarvik Storebø, utan å lukkast.
Stormannsgalskapen vil visst ingen ende ta. Nå snakker de om nytt Rådhus også… på Straume hvor det allerede finnes et stort og flott et!
LikarLikar