Privatpersonar og verksemder i Øygarden betalte til saman 4,4 milliardar kroner i skattar i koronaåret 2020.
Det kjem fram av SSB sin ferske skatterekneskapsstatistikk som vart offentleggjort i dag.
Tal for dei gamle kommunane Fjell, Sund og Øygarden for 2019 manglar i statistikken. Det er difor vanskeleg å seia kor mykje skatteinntektene gjekk ned i koronaåret. På landsbasis reknar SSB med at inntektstapet som følje av pandemien utgjorde 9,1 prosent, eller 114 milliardar kroner.
Fjerdedelen av skatteinntektene, 1,073 milliardar kroner, tilfelle Øygarden kommune til finansiering av offentlege tenester. Nesten like mykje, 1,055 milliardar betalte arbeidstakarane inn i medlemsavgift til folketrygda, til finansiering av svangerskapspermisjonar, dagpengar, uføretrygd og pensjonar.
Arbeidsgjevaravgifta utgjorde 643,9 millionar kroner og fellesskatten 900 millionar kroner. Staten tok inn 507 millionar kroner i ordinær skatt på formue og inntekt og 224,5 millionar kroner går til finansiering av Vestland fylkeskommune.
Trass i at Øygarden er ein av landets største offshore- og oljekommunar, med to store prosessanlegg, basedrift og mange store og små verksemder som lever av olje, vart kommunen ikkje tilgodesett med inntektsskatt frå utvinning av petroleum.