Reiseaktivitetane i samband med jule- og nyttårshelga har ført til eit hopp i talet på øygardsstrilar som testar positivt på korona.
17 av dei 22 tilfella av korona-smitte i Øygarden etter nyttår er knytta til utanlandsreiser, melder Øygarden kommune.
Fire øygardsstrilar har i dag fått bekrefta at dei har testa positivt på korona. Tre av dei er smitta i samanhang med utanlandsreiser.
Tidlegare i dag er det bekrefta at ein tilsett ved Sundheimen har testa positivt. Sjukeheimen er stengt for besøk, inntil vidare. Dette er første gong det er påvist smitte ved nokon av helseinstitusjonane i kommunen.
Les: Brita (97) fekk første vaksina
Så langt har 308 innbyggjarar i kommunen testa positivt på korona.