Startskotet for CO2-investering til 6,9 milliardar

Første salve til det som skal verta Norges og Europas første landbaserte prosessanlegg for CO2-lagring vart  i dag avfyrt på Kollsnes. 

Stolte prosjektleiarar heiste flagget: Rune Nilsen i Equinor og Torbjørn Tveit Bakketun i Skanska. Første salven i dag gjekk i åsen midt mellom dei.

Northern Lights er namnet på karbonprosessanlegget som Regjeringa planlegg skal snu norsk olje- og gassproduksjon til ein grøn industri. Pioneranlegget på Kollsnes skal visa allverda at CO2 kan lagrast permanent djupt under Nordsjøen. 

Forventningane til satsinga er skyhøge, både nasjonalt og lokalt.

Skyhøge forventningar
I første fase er det planen å lagra 1,5 tonn CO2 årleg. Røyranlegget skal imidlertid dimensjonerast for 5 millionar tonn årleg, kunne ein stolt prosjektleiar Rune Nilsen i Equinor fortelja skaren av frammøtte journalistar.

Slik såg det ut då 1. salven gjekk. Foto: Vigleik Brekke / Øygarden kommune.

På tomten i Kollsnes Næringspark, som heretter er omdøpt til Energiparken, skal 515.000 faste kubikkmeter med stein sprengjast vekk. Første salven gjekk i dag. Eitt tonn dynamitt sørga for at 1.500 kubikkmeter fast fjell vart sprengt vekk, ifølgje prosjektleiar Torbjørn Tveit Bakketun i entrepenørverksemda Skanska som vann konkurransen om grunnarbeidet til 380 millionar kroner.

Når tomten er planert skal det byggjast kai til skipa som kjem med CO2. Skanska skal og byggja administrasjons-, lagerbygg, verkstad og annan infrastruktur.

Våren 2022 startar arbeidet med bygginga av prosessanlegget. Kven som vinn denne store røyrleggingskontrakten er enno ikkje avgjort. Inntil 150 personar vil vera engasjerte i sjølve anleggsfasen, ifølgje Nilsen.

Alt skal stå ferdig til å ta mot første skipslasta med CO2 sommaren 2024.

Bakmenn: Ottar Vik, tidlegare ordførar i Øygarden og Oscar Eide, dagleg leiar i Naturgassparken Vest og CCB Kollsnes har jobba for dette i mange år. I dag haldt dei seg i bakgrunnen.

Gigantinvestering
Prestisjeanlegget på Kollsnes aleine er kostnadsrekna til 6,9 milliardar kroner. Fangst og transport av CO2 frå Norcem sin sementfabrikk i Brevik kjem i tillegg.

Equinor og samarbeidspartnarane, Shell og Total satsar i håp om å få til eit kommersielt lønsamt prosjekt, utan behov for statlege subsidiar, seier Nilsen.

I klimameldinga sist veke signaliserte Regjeringa ein gradvis auke i avgiftene på CO2-utslepp til 2.000 kroner per tonn, nær ein firedobling samanlikna med dagens nivå. Slik skal avgiftspolitikken sørgja for at det vert stadig meir lønsamt å deponera CO2 framfor å betala for å sleppa klimagassen ut i atmosfæren.

Les: Skal CO2-handtering løna seg må kvoteprisen tidoblast

Fleire utanlandske industrianlegg har alt inngått intensjonsavtaler med Equinor om lagring av CO2 på Kollsnes.

Les: Underteikna sju internasjonale avtaler om karbonfangst

Industrietablering
Ordførar Tom Georg Indrevik er stolt over at heimkommunen er staden som er valgt som utgangspunkt for den nasjonale satsinga mot klimaendringar.

-Satsinga vil verta like viktig for den lokale industrietableringa som Sotrabrua i si tid var, hevdar Indrevik.

Stort medieoppbod: TV2, NRK og Bergens Tidende hadde funne det bryet verdt å ta turen til Kollsnes for å markera starten på anleggsarbeidet til CO2 prosessanlegget.

One thought on “Startskotet for CO2-investering til 6,9 milliardar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.