Sjølvransaking i formannskapet

Formannskapet i nye Øygarden starta nyåret med orienteringar om «vanskelege» saker som verserer i rettsapparatet og som er «arva» frå dei tidlegare kommunane.

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) kjenner på ansvaret om å vera aleine om informasjon om vanskelege saker. No vil han endra delegasjonsreglementet.

Innkjøp og konsulentbruk i gamle Øygarden, byggjeløyve i Sund og omsorgssvikt i Fjell.

Fjell, Sund og gamle Øygarden er historie, men den nye kommunen slit framleis i rettsapparatet med vanskelege juridiske saker «arva» frå dei avvikla kommuneadministrasjonane. Formannskapet starta det nye året med orienteringar om saker frå alle dei tre tidlegare kommunane.

Innkjøpsrutinar i nord
Innkjøpa av konsulenttenester i gamle Øygarden kommune er klaga inn for Klagenemnda for offentlege anskaffelsar (KOFA), kunne ordførar Tom Georg Indrevik (H) fortelja.

Ikkje alle var like overraska. Når formannskapet gjer vedtak om at kommunen skal prioritera lokale verksemder er det ikkje anna å venta. Alle anbod bør lysast ut offentleg, åtvara Einar Hadler Jacobsen FNB Øygard.

-Kan vera at 2021 vert det året då gamla lik i skapet kjem dettande, åtvara FNB-representanten etter at innkjøpsrutinane i gamle Øygarden kom på den politiske dagsorden, enno ein gong.

Les: Øygarden har brote anbodsreglane

Les: Gjestekommentar: Ingen har sendt klage på anbodspraksisen til Øygarden kommune

-Når media har overskrifter om at noko er ulovleg, tilseier kommunelova at kontrollutvalet er nøydd til å gripa fatt i saka, hevda leiar for kontrollutvalet, Mons Tore Nakken (A).  

Sjå framover
Posisjonen sine representantar Nina Glesnes (SL) og Nils Kåre Skoge (H) var mindre glade. Dei vil heller sjå framover. Denne saka vart avslutta i gamle Øygarden. Med dei rutinane den nye kommunen har innført og som økonomidirektør Anne Erdal starta orienteringa med, bør ein ikkje nytta mykje ressursar på å grava i avslutta saker.

-Om vi unnlater å gripa tak i saka, mister kontrollutvalet integriteten vår, innvende Nakken.

Marianne Sandahl Bjorøy (A) var meir oppteken av meirkostnadane og budsjettoverskridingar. Sjølv om saka vart avslutta i den gamle kommunen, vil dei økonomiske overskridingane følgja med inn i nye Øygarden. Korleis vil dette påverka økonomien i den nye kommunen, spurte den tidlegare Fjell-ordføraren.

-Vi må stå til ansvar. Det er viktig for omdømet til den nye kommunen at Kontrollutvalet tek opp saka. Det tek seg dårleg ut om vi berre viser til nye rutinar. Dette er andre saka som kjem opp. Eg er ikkje ute etter å ta syndebukkar. Vi må ha svar til innbyggjarar som stiller spørsmål. Omdømemessig er dette ei uheldig sak, uansett korleis vi handterer ho, avslutta Sandahl Bjorøy.

Byggjeløyve i sør
Tvist om kva tiltak som eigentleg vert omfatta av eit byggjeløyve, har fått Knappen Sjø AS til å trekka Sund kommune for retten. Knappen Sjø meinar dei har fått løyve både til å byggja veg, og til eit omfattande terrenginngrep. Sund kommune hevdar byggjeløyvet berre omfatta vegen.

Etter fleire rundar i rettsapparatet gav Lagmannsretten Knappen Sjø medhald i at byggjeløyvet ikkje var gått ut på dato, og at Tingretten dermed kunna behandla saka, likevel. Samstundes vart verksemda tilkjent 800.000 kroner i saksomkostningar frå kommunen.

Saka er ikkje endeleg avgjort. Kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal vurderer risikoen for utfallet av ein ny runde i Tingretten til å vera 50 – 50. 

-Til no har vi berre krangla om lov til å krangla, medgjekk Bjørndal.

Dommen i Lagmannsretten gav signal om rammene for ein ny runde i retten. Kommunen bør prøva å til til eit forlik med Knappen Sjø innan for desse rammene, utanfor rettsalen, er politikarane i formannskapet samde om.

Barnevernsak anka til Høgsterett
Den mest tragiske saka omhandlar ei ung kvinne som ikkje fekk den omsorga ho hadde behov for av barnevernet i Fjell, og som har gått til rettssak for å få erstatning for omsorgssvikt i oppveksten.

Først fekk kvinna medhald i Tingretten. Då kommunen anka til Lagmannsretten, var det kommunen som fekk medhald. No har ho anka til Høgsterett.

Ingen er usamd i at kvinna har lide under omsorgssvikt, hevda Marianne Sandahl Bjorøy.

Saka har både ei juridisk og eit etisk side. Det var dei juridiske sidene ved dommen i Tingretten som fekk kommunen til å anka, kunne kommuneadvokaten opplysa. Hadde dommen blitt ståande, ville det ha opna for at kommunen hadde måtta ut med store erstatningssummar framover.

Den tidlegare Fjell-ordføraren kjenner på ansvaret over å ha vore den som skreiv under på ankesøknaden til Lagmannsretten.-Burde kommunen ha late vera å anka dommen frå Tingretten, spurte Sandahl Bjorøy. 

Need-to-know
Kommunen sitt delegasjonsreglement overlet til fagekspertisen å treffa vedtak i barnevernsaker, ordførar berre signerer, ifølgje Sandahl Bjorøy.

-Forstod eg fullt ut kva som låg der, spør Sandahl Bjorøy seg i dag.

Det strenge omsynet til personvern og taushetsplikt i barnevernsaker tilseier at ordføraren berre vert orientert ut frå eit need-to-know-prinsipp, supplerte Bjørndal.

-Vi skal vera audmjuke for prosess, men kanhende hadde spørsmålet om anke fått ei anna vurdering i dag, spekulerte Indrevik. 

Formannskapet skal i neste omgang ta stilling til korvidt delegasjonsreglementet bør endrast, slik at ordførar og formannskap vert sterkare involvert i slike vanskelege saker. 

-Det vil alltid vera spørsmål om kor mykje informasjon som skal delast med politikarane. Er det slik at ansvaret vårt aukar dess meir vi får vita, spurte Jacobsen.

 

 

 

One thought on “Sjølvransaking i formannskapet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.