Sender brev til Erna Solberg

Det må verta slutt på at den norske staten gjer overgrep mot born på grunnlag av lovbrot andre har gjort.

-Gje oss eit lyspunkt, Erna Solberg. La Mustafa få bli i Norge, appellerer Symphorien Pombe, Sverre Bungum og Lisbeth Milsted.

Mange har engasjert seg for at 18-årige Mustafa Hasan må få lov å bli verande i Norge, sjølv om mor hans oppgav feil nasjonalitet då familien kom til landet i 2008. Symphorien Pombe er ein av dei. Saman med Sverre Bungum, leiar for Pensjonistrådet og tidlegare skulesjef i Sund og Lisbeth Milsted i Mental helse har SV-politikarane skrive brev til statsminister Erna Solberg med appell om at ungguten må få bli.

Les: Gjestekommentar: Mustafa er ein norsk ungdom

-Erna Solberg er mor, ho er folkevald og ho er statsminister. Det er naturleg å henvenda seg til henne, forklarar Pombe bakgrunnen for henvendinga ovanfor Øygarden24.

Norge er ein nasjon som gjerne framhevar menneskerettane i møte med andre nasjonar. Då bør vi ikkje kasta ein av våre eigne ut av landet, argumenterer dei tre i brevet som Øygarden24 har fått tilsend kopi av.

-Mustafa er norsk, og han har rett på vern frå sitt eige land. Å sende han ut, er eit overgrep, legg dei til.

-Vi godtek ikkje at nokon skal straffast på hardaste vis for lovbrot dei ikkje har gjort, lovbrot andre gjorde, skriv dei i brevet til Solberg.

Ein forelder til ein annan
Pombe henvender seg til Erna Solberg også som ein forelder til ein annan:

-Eg er ein del av ein minoritet i dette landet. Om eg gjer ein feil, skal ikkje Norge straffa ungane mine for det, grunngjev Pombe engasjementet sitt. 

Barnets beste
-Nordmenn argumenterer gjerne for prinsippet om barnets beste. Det er eit prinsipp vi og må nytta i saker som vedkjem minoritetsborn, understrekar Pombe.

Å leva med trusselen om utsending er ei hard psykisk belastning, ein situasjon som kunne ha knekt mentalt sterkare vaksne enn Mustafa, og som det vil ta tid før han kan leggja bak seg, seier SV-politikaren som kom sjølv til Norge som kvoteflyktning frå Kongo.

Breidt engasjement
-Eg håpar Solberg les både epost og brevet som Sverre Bungum, Lisbeth Milsted og eg sender henne, og at ho tenkjer først og fremst til Mustafa si framtid og ikkje på politisk prestisje. Dette handlar om humanitet, seier Pombe.

Då ein tilsvarande interpellasjon vart fremma i fylkestinget i Vestland før jul, stemte heile 51 av dei 64 folkevalde for at Mustafa skal få bli verande. 

Takka vera engasjementet til advokatverksemda Fend har UNE gått med på at utsendinga har blitt usett til juni, slik at Mustafa i det minste rekk å fullføra vidaragående skule.

 

Under kan du lesa heile brevet dei tre i dag sende til den norske statsministeren:

Klokkarvik 6. jan. 2021

Statsminister Erna Solberg


Mustafa Hasan

Godt nytt år!

Vi ønskjer oss alle eit godt nytt år. Ved dette årsskiftet ønskjer vi oss eit betre år enn det vi nyleg la bak oss. Vi treng alle nokre lyspunkt, noko som kan spreie glede og håp. Vi treng å bli minna om at vi bur i eit land og tilhøyrer eit folk som flaggar humanitet og menneskeverd høgt. Vi minner ofte andre nasjonar om dei universelle menneskerettane og fell lett inn i rolla som talsmenn for og vaktar av verdiane vi er opplærde til å tru på.

Eit slikt land kastar ikkje sine eigne ut i det ukjende mørket. For Mustafa Hasan er vår eigen. Han er norsk og han har rett på vern frå sitt eige land. Å sende han ut, er eit overgrep, eit stygt og inhumant overgrep. Jamvel om alle vegar var stengde, om ingen andre løysingar fanst, ville vi ikkje godteke at nokon skal straffast på hardaste  vis for lovbrot dei ikkje har gjort, lovbrot andre gjorde. Men i denne saka er ikkje alle vegar stengde. Det er fullt høve til å gje Mustafa opphald på humanitært grunnlag. Slik saka står no, krev det berre litt mot og vanleg sans for rettferd.

Vis oss at det finst noko som er viktigare enn regelverk og stivbeint jus. Lat oss få sjå at menneskeverdet trumfar konklusjonane frå dei som ikkje maktar løfte blikket frå paragrafane og såleis ikkje får auga på mennesket.

Gje oss eit lyspunkt. Lat Mustafa bu i Norge, landet der han høyrer til.

Med helsing

Symphorien Pombe

Lisbeth Milsted

Sverre Bungum

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.