Sjølv om første Øygardsstrilane i dag har blitt vaksinert mot Covid-19, tør ikkje smittevernlege Jens Eikås lova ein normal kvardag før ferien.

-Stikket var ingenting. Vaksinera seg bør alle gjera. Det er godt dei har kome i gang, sa Brita Nesse (97) etter at ho i dag føremiddag vart første Øygardsstrilen som fekk vaksine mot Covid-19.
Den spreke dama bur på Sundheimen, og ser fram til å møta familien, og særleg oldebarna, på ein normal måte så snart det vert mogeleg etter vaksinasjonen. Ho er full av lovord om personalet som har klart å halda smitten ute av eldreinstitusjonane i kommunen gjennom heile pandemien. Sjølv om det har vore restriksjonar på besøka siste vekene, vil ho likevel ikkje klaga. På Sundheimen er det alltid nokon å snakka med.
Ikkje nok til alle
I løpet av dagen skal samlege av bebuarane på Sundheimen få sine første dose av vaksinen. Bebuarane på Sundheimen er mellom dei utvalde. Øygarden har i første omgang berre fått tildelt 125 dosar vaksine, og det rekk ikkje til alle i risikogruppene, som eldre og helsepersonell.
Les: Sjukeheimsbebuarar får dei første vaksinene
Etter dagens vaksine må det gå tre veker før Brita Nesse og dei andre bebuarane på Sundheimen får neste dose. Deretter vil det ta ei vekes tid før smittevernlege Jens Eikås kan fastslå om vaksinen har fått full effekt.
Historisk dag

Vaksinene frå legemiddelprodusenten Pfizer har Øygarden fått tilgang til gjennom det nasjonale og internasjonale vaksinesamarbeidet, kunne ordførar Tom Georg Indrevik fortelja. Førebels har Norge berre fått tilgang til 40.000 dosar som skal fordelast på personar i dei mest utsette risikogruppene, som eldre og helsepersonell.
Massevaksinasjon
Ein normal kvardag kan vi først ha håp om å få tilbake når Norge som nasjon har oppnådd sokalla flokkimmunitet. Det får vi først når 50 – 70 prosent av innbyggjarane er immune, enten gjennom massevaksinasjon eller fordi mange har vore smitta. Når det kan skje, tør smittevernlege Jens Eikås ikkje spå om.

At det skal kunna skje før ferien tør Eikås i alle fall ikkje lova. Det ville vera uheldig om vi no går ut og lovar noko og folk legg store planar, som det seinare viser seg at dei vert nøydde til å avlysa, seier Eikås.
Usikkert
På rådhuset førebur dei seg på massevaksinasjon av Øygardsstrilar. Grethe Bergsvik er dedikert til å planleggja ein slik prosess, seier Indrevik til Øygarden24.
Noko tidspunkt for eit tilbod om massevaksinasjon av Øygardsstrilar tør Eikås likevel ikkje spå om. Den begrensa tilgangen på vaksiner er noko av årsaka til at styremaktene førebels er varsame med å lova noko tidspunkt. Framdrifta i vaksinasjonsprogrammet er usikker. Ettervart som fleire produsentar får godkjent sine vaksiner vil tempoet i vaksineringa auka.
Det er også usikkert korvidt personar som har vore vaksinerte eller smitta likevel framleis kan vera smitteberarar, legg smittevernlegen til.
– Corona-situasjonen er utan historisk sidestykke. Det er førebels mykje vi ikkje veit, understrekar Eikås.
Litt av en prioritering. De aller eldste skal altså få den esperimentelle vaksinen, stikk i strid med alle normer og regler for utprøving. Sover alle politikerne i Øygarden også?
LikarLikar