Inga tvil om kva saker som vart mest lese på Øygarden24 i året som var.
Aleine heilt på toppen: Med sin appell om snøggbåt frå Bergen til Sotra og Øygarden løfta 16-årige Mathilde Sæle fram eit tema som opptek svært mange køleie øybuar.
Les: 16-åring starte underskriftsaksjon for hurtigbåt
Bergen og omegn fridykkerklubb sin frivillige oppryddingsaksjon utanfor kaikanten på Ran Seilforening førte ikkje berre til at 1,3 tonn gummi og sinnsjukt mange flasker vart henta opp frå sjøbotnen, det vart og ei av dei aller mest leste sakene på Øygarden24 i fjor.
Les: Rydda etter festen
Mange har ei meining om lokalpolitikken. Utsiktene til at dei private barnehagane skulle tapa i konkurransen fekk mellom anna FrP og stortingsrepresentant Silje Hjemdal til å mobilisera. Lesartala viser at mange støtta kravet om betre rammevilkår.
Les: Uroleg for dei private barnehagane
Men det var ikkje berre nye saker som engasjerte. Sommaren 2015 var vi på omvising i Nordsjøhagen, det imponerande hageanlegget til Egil A. Sæle heilt nordst i Øygarden. Hans tips om korleis lukkast med lyng i hagen når stadig fram til nye lesarar.
Les: Slik lukkast du med lyng i hagen

Mange av dei som tilfeldigvis dumpar innom Øygarden24 vert nyfikne på den digitale nykomlingen i den lokale mediefloraen. Eigenomtalen av nettavisa sneik seg inn på topp-5-lista i 2020.
Les: Øygarden24
