Øygarden får dei første koronavaksinene like over nyttår.

Det er no klart at Øygarden kommune får 115 dosar koronavaksine første veka i det nye året. Det har fylkesmannen i Vestland bekrefta ovanfor kommuneleiinga, melder heimesida til kommunen.
Bebuarane på sjukeheimane kringom i kommunen vil stå først i køen når vaksinedosane skal delast ut, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Siste veka vart det 520 personar som vart testa for korona i Øygarden Av dei var det sju som testa positivt.
Så langt har 286 personar med adresse i kommunen fått påvist koronasmitte.
One thought on “Sjukeheimsbebuarar får dei første vaksinene”