58 elevar frå Sotra vidaregåande, saman med lærarane sine, må tilbringa julehøgtida i karantene.

Det melder Øygarden kommune i ei pressemelding.
Det er A og B klassen på teknologifaget vg1, til saman 30 elevar, og 28 elevar i to kjemi-grupper som må i karantene etter påvist korona-smitta. Også vaksne med tilknyting til klassane vert også omfatta av påbodet om karantene. Kor mange det er, vert ikkje opplyst.
Alle elevane som vert omfatta og deira pårørande er varsla. For eindel av dei varer karantene til 26. desember. Andre må halda seg heime til og med 27. desember.
Det er meldt om eitt nytt smittetilfelle i dag. Sidan mars har til saman 279 personar heimehøyrane i Øygarden testa positivt på korona.