Får meir koronakompensasjon

Øygarden kommune får ekstra pengestøtte frå regjeringa for å kompensera for kostnadane pandemitiltaka har påført det lokale næringslivet.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup overlet til kommunane å disponera ekstramidlane til beste for det lokale næringslivet.

Ei registrert arbeidsløyse på 4,7 prosent medfører at Øygarden kjem med på regjeringa si liste over kommunar som fortenar ekstra støtte før jul.

Av totalt 250 millionar kroner, havnar 4,34 millionar kroner i Øygarden, melder kommunal- og moderniseringsdepartementet i ei pressemelding.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup er glad for at heile Stortinget står bak framlegget:

– No er det opp til kommunane å nytta midlane til beste for lokalt næringsliv som slit under pandemien, seier Astrup.

−Det er viktig for regjeringa å gje kommunane som er sterkast ramma av pandemien midlar, slik at de kan kompensera lokalt næringsliv som er ramma av pandemien og lokale smitteverntiltak, seier næringsminister Iselin Nybø.

One thought on “Får meir koronakompensasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.