Hadde trafikklyssystemet for produksjon av laks blitt revidert dette året, hadde søre delen av Øygarden fått raud farge.

Ekspertgruppa som har vurdert lakselusa sin påverknad på villfisk har konkludert resultata av arbeidet i 2020. I produksjonsområde 3 (Karmøy – Sotra) og 2 (Ryfylke) er det høg risiko for at ville laksefiskar skal verta påverka av lakselus frå oppdrettsanlegg dette året. Konklusjonen for produksjonsområde 3 vert vurdert å ha middels usikkerhet.
Einaste indikator
Trafikklyssystemet vert revidert annakvart år. Talet på lakselus er einaste indikatoren i trafikklyssystemet. 2020 er eit mellomår. Hadde trafikklyssystemet blir revidert dette året, ville oppdrettarane i området fått pålegg om å redusera produksjonen med inntil seks prosent.
Les: Plankonferansen: Fiskeridirektøren vil ha fleire raudlys-indikatorar
Karmøy – Sotra er i dag gulfarga. Det vil seia at dei 112 produsentane ikkje får lov å auka biomassen i mærdene. Produksjonsanlegga på strekkja Karmøy – Sotra står for beskjedne 1,6 prosent av den nasjonale smoltproduksjonen.
Optimisme i nord
Undersøkinga gjev samstundes grunn til optimisme for oppdrettarar i produksjonsområde 4 (Øygarden – Stadt). Etter eit år med krav om reduksjon i produksjonen, viser årets undersøkingar moderat lakselusindusert villfiskdødelighet i dette området. Konklusjonen heller imidlertid i retning høg risiko, konkluderer ekspertgruppa.
Dei 105 anlegga i dette området står for 7,2 prosent av den nasjonale smoltproduksjonen.
Les: Nei til oppdrettsvekst i Øygarden
Forskarane diskuterer no korvidt resultata av målingane dette året kan vera påverka av syklusar i lakseproduksjonen.
-Variasjonen i vurderingane i fleire av områda viser at oppdrettarane må halda fram det målretta arbeidet med å ha kontroll på lakselus, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ein kommentar til rapporten.
Du kan lasta ned ekspertrapporten frå Regjeringa sine heimesider.