Ny rapport om akvakultur i Øygarden

Nye artar, ny teknologi og meir sjøareal avsett til oppdrett. Dette er stikkorda for korleis Øygarden skal kunna auka verdiskapinga frå marine næringar.

Blom Fiskeoppdrett sitt forslag til ny teknologi for å samla opp avfallsstoff frå oppdrettsanlegg på lokalitetar utan tilstrekkjeleg vassgjennomstrøyming.

Solberg-regjeringa ser føre seg ei seksdobling i verdiskapinga frå marine næringar i framtida. Korleis fiskeri og oppdrettskommunen Øygarden kan sikra seg sin del av veksten er tema for rapporten «Mogelegheitsstudie for framtidsretta akvakultur i Øygarden», som vart lagt fram i dag.

Tradisjonar
Øykommunen vest for Bergen har lange tradisjonar innan oppdrett , og ligg attraktivt til logistikkmessig i høve til marknaden, konstaterer Tormod Henry Skålsvik som har er hovudforfattar bak rapporten.

Lokale inntekter
Fiskeri og oppdrettsverksemder med adresse i Øygarden har ei samla årleg inntekt på kring fem milliardar kroner og oppunder 400 arbeidsplassar, ifølgje analysar Øygarden24 har utført på bakgrunn av rekneskapar innsendt til Brønnøysund.

Bearbeiding og foredling
Bearbeiding og foredling, og då særleg av laksefisk, er den viktigaste inntektskjelda, med totale inntekter på 3,7 milliardar kroner og nærare 200 arbeidsplassar i 2019.

Les: Langt frå tilfeldig at fiskeriministeren kom til Sotra

Kor stor inntekt som skriv seg frå oppdrett av laks og aure, er vanskelegare å fastslå, sett i lysa av at berre to av dei ni løyveinnehavarane som har mærder utplassert i skjærgarden i Øygarden er heimehøyrande i kommunen. Vi snakkar uansett om betydelege summar.

Vekstforbod
Rapporten vart tinga på bakgrunn av at volumveksten i mærdene i Øygarden i praksis har stått på staden kvil dei siste åra. Innføringa av trafikklyssystemet som deler Øygarden i gul og raud sone legg ytterlegare restriksjonar for vidare vekst i biomasse.

Les: Reknar med avklaring i trafikklyssystemet før jul

Løysa utfordringar
Skal produksjonen i oppdrettsmærdene for laksefisk kunna auka, vil det avhenga av utvikling av ny teknologi som løyser dagens utfordringar knytt til lakselus, særleg, men og rømming og andre miljøutfordringar knytte til einskilde av dagens lokalitetar, konkluderer rapporten.

Lukka anlegg på land eller i sjø, kan vera ei mogeleg løysing. Det same kan oppdrettsmærder til havs. Her føregår det for tida ein heftig konkurranse om utvikling av ny teknologi gjennom sokalla utviklingskonsesjonar.

Nye artar
Kystkommunen Øygarden har også mange lokalitetar i sjø som ikkje er eigna for oppdrett med konvensjonell teknologi. Her kan det i staden tenkjast oppdrett av nye artar, enten torsk og kveite, skaldyr som kamskjel, eller tare som kan vera betre tilpassa dei ulike lokalitetane.

Les: Fryktar for framtida til norsk kamskjelproduksjon

Les: Planlegg industriell tareproduksjon i Fjell

Areal
Uansett bør større del av sjøareala i kommunen setjast av til oppdrettsføremål, tilrår rapporten. Øygarden vert tilrådd å utarbeida ein eigen kommunedelplan for sjøareala, der ein legg opp til ein brei, generell bruk av områda, i staden for areal tilpassa spesifikke artar.

Fiskeri og foredling

Fiskeri har lenge vore ein av hjørnesteinane innan marine næringar i Øygarden. Korleis sikra vekst her, til dømes gjennom tilrettelegging for fiske av mesopelagiske artar, har ikkje vore noko tema i rapporten.

Les: Liegruppen skal driva forskingsfiske på store havdjup

Omhandla i rapporten er heller ikkje spørsmålet om korleis sikra at større del av oppdrettsfisken frå mærdene i kommunen vert foredla lokalt, i staden for å eksporterast heil. Ei satsing her kunne ha utløyst nye arbeidsplassar innan produktutvikling og sikra ei verd fiskesvolten verd nye, spanande matrettar på spisebordet.

Les: Har erobra hylleplass hos Rema 1000

Les: Sel delikatesser av det nordmenn ikkje vil ha

Les: Omdannar fiskeavskjær til protein – fann investor i USA

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.