Investerer 1,3 milliardar i Northern Lights

Equinor har tildelt to viktige kontraktar med ein samla verdi på 1,3 milliardar til verkeleggjering av Northern Lights.

Sverre Overå, prosjektleiar Northern Lights, Foto: Arne Reidar Mortensen)
Sverre Overå er prosjektldirektør for brønnramma til Northern Lights. Foto: Arne Reidar Mortensen.

Kværner AS er til delt den største kontrakten. EPC-kontrakten på prosjektering, anskaffing og bygging av landanlegget i energiparken på Kollsnes er verdsett til 1,05 milliardar kroner, melder Equinor i ei børsmelding.

Landanlegget på Kollsnes skal ta i mot flytande CO2 for mellomlagring og vidare eksport via røyrleidning for permanent lagring under havbotnen i Nordsjøen. 

Arbeidet vert planlagt å starta i januar 2021 og vert planlagt ferdig innan 1. kvartal 2024.

Aker Solutions AS, morselskapet til Kværner AS, er tildelt ein EPC-kontrakt for levering av eit undervassystem for inspeksjon av CO2-brønnen i Nordsjøen. Kontrakten er tildelt som eit avrop under den eksisterande rammeavtalen med Equinor og vil ha ein verdi på 250 millionar kroner. Arbeidet vil starta i januar 2021, med installasjon og fullføring i 2023. Kontrakten har også ein opsjon på framtidige brønnar.

-Kontraktane er avgjerande for at Northern Lights prosjektet skal lukkast. Vi ser fram til å samarbeida med Aker Solutions og Kværner slik at vi kan levera på ein del av løysinga for å redusera industrielle utslepp, seier Sverre Overå som er prosjektdirektør for Northern Lights.

Prosjektet vil skapa arbeidsplassar fleire stadar i Hordaland. Landanlegga vil verta prefabrikkerte ved Aker Solutions verft på Stord før installasjon på anlegget, melder Equinor.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.