Behov for støytiltak på 300 bustadar

Tre verksemder konkurerer om kontrakten på støyreduserande tiltak på nærare 300 bustadar langsmed nye R555.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Baezeni. Arkiv.

Statens vegvesen har prekvalifisert tre leverandørar til å konkurrera om leveransane av lokale støyreduserande tiltak på bustadar langsmed nye Sotrasambandet frå Kolltveit til Loddegjord. Kontrakten vert vurdert å ha ei total ramme på 250 millionar kroner over ein fireårsperiode, ifølgje ei pressemelding.

I underkant av 300 bustadar treng støyreduserande tiltak, viser støysimuleringane Statens vegvesen tidlegare har gjennomført. Totalt er 500 bustadar vurderte med tanke på støyreduserande tiltak. 

Trafikkstøy kan påverka helse og livskvalitet. Innvendig støynivå i bustadar ikkje får overstiga 30 desibel (dB) etter at støyreduserande tiltak er gjennomført. På uteområde som terrassar og hagar er maksgrensa sett ved 55 dB, ifølgje Forureiningsføresegna. 

Les: Måler støy hos naboane til Sotrasambandet

Viser støysimuleringane at grensene vert overskridne, vert byggherren pålagt å utføra støyreduserande tiltak. Kva tiltak som skal gjennomførast på dei einskilde bustadane vil variera. I dei fleste tilfelle vil det vera snakka om utskifting av vindauge eller innvendig og/eller utvendig etterisolering av bustaden. I sjeldne tilfelle kan det og vera naudsynt å innføra balansert ventilasjon, eller isolera tak og innvendige himlingar.

Støyskjerminga av bustadane kjem i tillegg til støyreduserande tiltak som ligg inne i sjølve reguleringsplanen.

Desse tre verksemdene er med ikonkurransen:

  • Åsane Byggmesterforretning AS
  • Bergan bygg AS
  • TH BHAS BYGG

Dei har frist på seg til 12. februar på å leggja inn bod. Truleg vil alle tre verta tildelt oppdrag som inngår i kontrakten.

One thought on “Behov for støytiltak på 300 bustadar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.