Gjestekommentar: Antirasistisk arbeid i Øygarden

I 2020 har vi sett eit fantastisk engasjement over heile verda i kampen mot rasisme.

Av Symphorien Pombe på vegne av Øygarden SV. (Pombe vil halda denne interpellasjonen i kommunestyremøtet i Øygarden 17. desember.)

Som konsekvens av protestane etter drapet på George Floyd i USA, har det dukka opp mange saker som har fortalt oss at rasistiske haldningar er meir spreidde i vårt samfunn enn det vi likar å tru. Spesielt alvorleg er det når desse haldningane vert institusjonaliserte. Då er det snakk om systematisk diskriminering som set minoritetane i ein vanskeleg situasjon, som set rettane deira på spel, og som svekkar demokratiet.

Det vert krevjande for menneske med mørk hudfarge å koma seg inn på arbeids- eller bustadmarknaden. Det kan føre til at dei vert utsette for forskjellsbehandling på ulike arenaer. I realiteten vert dei nekta deltaking i samfunnet på lik line med andre.

Dette er å nekte menneske tilgang på grunnleggjande demokratiske rettar.

Som folkevalde må vi syta for at alle innbyggjarane i vår kommune får ein reell likebehandling. Vi må kjempa mot alle former for diskriminering grunna etnisitet eller opphav. Grunnlova slår i §98 fast i at «Intet menneske må utsettes for usaklig eller uforholdsmessig forskjellsbehandling».

Vi må garantera at vår kommune aktivt jobbar for at alle har like vilkår.

Difor ynskjer eg å stille fylgjande spørsmål til ordføraren:
●Vil ordføraren ta initiativ til ein forpliktande handlingsplan mot rasisme i Øygarden kommune, med tiltak som skal gjennomførast innan gjevne tidsfristar?

●Vil ordføraren ta initiativ til ei oppdatering og rullering av eksisterande likestillingsplan (handlingsplan og liknande) i Øygarden kommune?

●Vil ordføraren ta initiativ til haldningskampanjar for å bekjempa og førebyggja rasisme i Øygarden kommune? då særskild blant barn og unge, og i utelivsbransjen, næringslivet og arbeidslivet?

● Korleis vil ordføraren syte for at Øygarden kommune vert ein inkluderande arbeidsgjevar?



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.