Husk å kontrollera skattekortet

Har du blitt permittert eller arbeidslaus? Gått av med pensjon eller fått barn? Då vert det ekstra viktig å kontrollera at opplysningane på skattekortet er rett.

Skattetrekkameldinga legg opp til at du skal betala rett skatt gjennom heile året. Illustrasjon: Norges Bank.

Skattekortet for 2021, eller skattetrekksmeldinga som er det formelle omgrepet, vert lagt ut tysdag morgon.

Dette året har vore prega av store endringar i økonomien for mange. Då er det viktig å kontrollera at den informasjonen som dannar grunnlag for skattetrekket ditt er rett.

Skattekortet fungerer som ein digital kalkulator. Skatteprosenten er eit resultat av kva informasjon du legg inn om inntekter og frådrag. Tanken er at alle skal betala rett skatt, fordelt gjennom heile året, føresett at informasjonsgrunnlaget er riktig.

Nye satsar
Det er Statsbudsjettet for 2021 som ligg til grunn for det nye skattekortet. Det inneber at fleire av satsane er endra samanlikna med i fjor.

Skatten på alminneleg inntekt skal framleis utgjera 22 prosent. Nivåa for innslagspunkta på trinnskatten er likevel auka. Som eit handslag til dei med aller dårlegast inntekt er dessutan skatteprosenten på nivå 1 og 2 redusert med 0,2 prosent
Årets skattetrekksmelding legg opp til at dei med minst inntekt skal sitja att med litt meir etter skatt. Personfrådraget i alminneleg inntekt vert auka med 1.150 kroner, til 52.450 kroner. Samstundes vert minstefrådraget i lønsinntekt auka med ein prosent, til 46 prosent. Den øvre grensa for minstefrådraget vert no 106.750 kroner.

For pensjonsinntekter vert minstefrådraget auka frå 31 til 32 prosent, samstundes om den øvre grensa vert heva med 1.250 kroner, til 88.700 kroner.

Du kan lesa meir om satsane for 2021 på Regjeringa si heimeside

Bustad
Reglane for endring av formuesverdi på bustad er endra. For ein bustad du bur i skal formuesverdien framleis utgjera 25 prosent av marknadstakst. Men, medan du tidlegare måtte dokumentera at formuesverdien utgjorde over 30 prosent av marknadstakst for å krevja å få nedsett formuesverdien, er det no nok å dokumentera at formuesverdien utgjer meir enn 25 prosent av marknadstakst for å få redusert skattegrunnlaget.

Frikort
Mange arbeidsame ungdomar vil gleda seg over at grensa for frikort er heva til 60.000 kroner. Alle ungdomar over 13 år får automatisk utskrive eit frikort.

Det årlege sparebeløpet på BSU er auka til 27.500 kroner. Samstundes er reglane stramma inn slik at pengane må brukast til kjøp eller nedbetaling av gjeld på eigen bustad. Ungdomane kan med andre ord ikkje både kjøpa bustad og framleis ha pengane ståande inne på den rentegunstige spareordninga.

Unngå rentesmell
Kraftige kutt i renta på bustadlånet har gjeve mange meir pengar mellom hendene siste åra. Gløymte du å føra dei reduserte rentekostnadane inn på skattekortet, fekk du sannsynlegvis ein kraftig baksmell i det siste skatteoppgjeret. Lågare gjeldsrente inneber reduserte frådrag.

Vil du unngå restskatt også neste år, bør opplysningane om gjeldsrente vera noko av det første du bør kontrollera på skattekortet.

Gammalt nytt
Skattetrekksmeldinga er eit forslag frå Skatteetaten, basert på den informasjonen som er innrapportert på deg gjennom A-meldinga frå oktober 2020 og skatteoppgjeret frå 2019. Gammalt nytt, i mange tilfelle.

Sjølv om arbeidsgjevarar og pensjonsytarar pliktar å innrapportera fortløpande til Skatteetaten kva du får utbetalt og kva du betalar i skatt, vert skattekortet likevel ikkje oppdatert automatisk. Skatteetaten veit til dømes ikkje at du har gått av med pensjon eller om du har blitt einsleg forsørgjar. All slik informasjon er det du som må fortelja Skatteetaten, gjennom å endra skattekortet.

Du finn skattekortet ved å logga deg inn på Skatteetaten sine heimesider

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.