Skulen som nektar å verta politisk salderingspost

Blomvåg er ein krins folk flyttar til, hevdar foreldra til elevane ved Blomvåg barneskule. No mobiliserer dei breidt mot forslaget om å leggja ned skulen.

Foreldra ved Blomvåg skule mobiliserer mot forslaget om nedlegging. Michael Blume, Andrea Blume, bak med sonen Robin (4. klasse) og dottera Linda (1. klasse), Øystein Blom, Daniel Schaufel og Veronica Storebø med døtrene Celina og Olivia Storebø Schaufel.

Nyhendet om at Blomvåg skule stod på kuttlista til posisjonen i Øygarden slo ned som ei bombe i samband med budsjettdebatten for 2021. I sitt alternative budsjett foreslår fleirtalsposisjonen at det bør fremjast ei eiga sak om justering av krinsgrensene i nordre delen av Øygarden. Samstundes vert det vurdert å leggja ned Blomvåg skule på grunn av ledig kapasitet ved skulane i området.

-Dette var ingen førebudd på, fortel Veronica Storebø i foreldreutvalet ved skulen til Øygarden24. På rekordtid har FAU sytt for ei brei mobilisering i lokalsamfunnet mot nedleggingsplanane.

Ut av det blå
Blomvåg skule er den nest minste av dei attverande skulane i Øygarden. Berre Tjeldstø har færre elevar. Det er særleg den manglande forankringa i overordna planprosessar som provoserer foreldra til dei 96 elevane.

Forslag om å leggja ned ein skule vil alltid vekkja motstand. Når forslaget kjem heilt ut av det blå, slik som i dette tilfellet, vert det vanskelegare å akseptera enn om det hadde kome opp som eit resultat av ein langvarig prosess der skulebruksplanen for heile kommunen vart gjennomgått. Helst bør slike forslag koma opp som del av ein valkamp, er foreldra Veronica Storebø, Daniel Schaufel, Michael og Andrea Blume og Øystein Blom ved Blomvåg skule samde om.

Luftige reknestykke
Luftige reknestykke, med overdrivne forventningar til økonomisk innsparingar, pregar posisjonen sitt nedleggingsforslag, hevdar foreldra. Dei festar ikkje lit til politikarane sin argumentasjon.

-Fødselstala som politikarane opererer med er feil, hevdar dei.

Talet på elevar i Blomvåg krins er i vekst, hevdar FAU-representant og mor til fire døtre, Veronica Storebø. Her med Celina Storebø Scaufel på armen.



-Talet på elevar ved Blomvåg skule er i vekst. Denne hausten starta 15 elevar i første klasse. Når 24 ungar komande haust tek til i første klasse, vert dette det største kullet i gamle Øygarden. Også dei to neste kulla, dei som vart fødde i 2016 og 2017, vil vera på over 20 elevar, seier Storebø.

Folkevekst
Å leggja ned Blomvåg skule er lite framtidsretta, er foreldra samde om. Blomvåg krins, med Blomvåg, Oen og Breivik er i ferd med å verta nybyggjarland. Bygder i den nordlege delen av Øygarden som folk ønskjer å bu i. Krinsen vil verta ein naturleg bustad for dei mange industriarbeidarane politikarane har lova vil koma i tilknyting til karbonfangstanlegget på Kollsnes.
Fleire av småbarnsfamiliane flytta hit nettopp på grunn av skulen. 10 – 15 elevar i kvar klasse, gode og engasjerte lærarar og kort og trygg skuleveg for dei som går eller syklar, er viktig for foreldre som ønskjer eit godt oppvekstmiljø for ungane sine.

Tvetydig
Forslaget om nedlegging verkar lite gjennomtenkt, sett i lys av at kommunen nyleg har investert mange millionar i infrastruktur i tilknyting til skulen. På nabotomta opna Norsk Luthersk Misjonssamband nyleg ein barnehage.

-I kyrkjebladet som vart sendt ut til husstandane denne veka skryt politikarane av oppveksttunet på Blomvåg med barnehage og skule vegg-i-vegg. På Rådhuset på Straume snakkar dei same politikarane om å leggja ned skulen. Ein mildt sagt tvetydig bodskap, er dei samde om Veronica Storebø, Daniel Schaufel, Michael og Andrea Blume og Øystein Blom.

Hjarta i bygda
-Blomvåg skule er ein av dei eldste i kommunen. Skulen er hjarta i bygda, samlingsstaden vår. Vert skulen vekke, riv du samstundes hjarta ut av bygda, hevdar Storebø.

Vart det alvor av nedlegginga skal elevane overførast til Tjeldstø eller Rong, alt frå komande haust. Fritt skuleval tyder på at dei fleste foreldra truleg vil velja Rong, vert det antyda.

– Å bringa og henta ungar på Tjeldstø vil vera ei logistikkmessig utfordring for oss foreldre. Ein uforhaldsmessig lang omveg for dei som jobbar på Ågotnes, Straume eller i Bergen, innvender Michael Blume.

Manglande kapasitet
Tilbodet om fritt skuleval kan verta vanskeleg å oppfylla. Rong skule har ikkje kapasitet til å ta mot alle dei som vil ønskja å gå der. Skulen må i så fall byggjast ut, hevdar foreldra. Eit argument som det let til at einskilde politikarar alt har fatta.
-Klassane vil verta splitta. Ungar som har kjent kvarandre sidan dei byrja i barnehagen vil mista venane sine og måtta starta på nytt i ukjende, etablerte miljø, fryktar foreldra.

I tillegg kjem behovet for investeringar i ny infrastruktur på Rong. Vegen frå fylkesveg 561 og ned til skulen må oppgraderast til å ta i unna for bussane og alle foreldra som vil køyra ungane til og frå skulen.

Fryktar Askøy-tilstandar
Vert kuttforslaget noko av, fryktar foreldra at skulesituasjonen i gamle Øygarden vil verta som på Askøy. Overfylte klasserom, ingen spesialrom, ingen grupperom og forringa læremiljø for den einskilde elev. Eit skuletilbod som vil verta ytterlegare forverra dersom dei føreslegne kutta i spesialpedagogikk og tilbod til elevar med spesielle behov vert noko av.

Les: Fjell: Utfordrande å kutta skulekostnadane til Askøy-nivå

Les: -Fjell brukar 50 millionar for mykje på skule

Les: Foreldreopprør i Askøy

Rektor Linda Haugstad ved Blomvåg skule ønskjer ikkje å uttala seg til Øygarden24.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.