Gjestekommentar: -Var det dette Venstre meinte med valløfta?

Det er tid for å kvesse blyanten og vekkje mannskapet som sit stille i båtane.

Av Rune Titlestad

Først til venstre sin båt som held på å forlise vest om Blomvåg:
Venstre sin eine kommunestyrerepresentant står fremst i bauen og kjempar for leggje ned ein veldriven, god og dynamisk skule i Blomvåg. Det er ei «ei ærverdig gamal skuledame» på 142 år dei no vil leggje død. Kvelertaket er allereie festa på elevar, føresette, tilsette og innbyggjarar.

Som tidlegare ordførar i Øygarden kommune, stod representanten også fremst i forhandlingane for å få inn følgjande tekst i intensjonsavtalen for den nye kommunen:
*Gjeldande skule- og barnehagestruktur vert vidareført.
*Vidareføra ein desentralisert busetnad med levande bygder

I 2019 gjekk V til val på å ha ein skulestruktur som sikrar gode skular i heile den nye kommunen, og vil jobbe for at dagens skulestruktur vert oppretthalden.

Representanten frå Venstre fekk, saman med med dei andre politikarane frå våre bygder nord om Svelgen bru, flest slengjarar av alle som stod på val i 2019. Me trudde på dei løfta dei gav og sette vår lit til at dei skulle ivareta våre interesser i utforminga av den nye kommunen.

Etter valet valde V å gå i kompaniskap med H, FrP, KrF og SL og danna ein fleirtalskoalisasjon. I den politiske plattforma som dei var med å utforma står det «at ein gjennom aktiv politisk styring skal arbeide for at den nye kommunen skal utviklast i tråd med intensjonsavtalen for nye Øygarden kommune». Kommunestyret vart orientert om dette seinast 28. mai i 2020.

Er det å fusjonere 3 skular til 2 og endre skulekrinsane i nordre del av kommunen i tråd med avtalen og politisk plattform som Øygarden Venstre har slutta seg til? Er det og dette de meinte med valløfta i Venstre sitt program seinast for eitt år sidan?

Eller er dette eit solospel for at de skal få god kreditt hjå andre politiske medspelarar og bakspelarar frå andre parti? Eller er dette ein «hestehandel» for å fremje andre politiske saker som Venstre vil ha i framtida? Eller er det eg og mange veljarar som har gitt vår stemme på feil grunnlag?

Det ville vore fint å få vita kva Øygarden Venstre meiner om dette, slik at me kan få eit ærleg spel framover, og slik at me kan få tid til å redda mannskapet på Venstre sin båt som held på å forlise vest om Blomvåg. Det hastar.


Så går me til Høgre sin båt.
Høgre har og skrive under på framlegget om å leggja ned skulen. Styrmannen på Høgre si skute var første mann som gjekk ut og tala for nedlegging, og alternativ bruk av personalet på skulen. Det stod ikkje om pengar! Etter dette ser det ut som om at styrmannen har gått frå roret. Han rakk berre kort å melde frå om at det ikkje var tid til å snakka med dei «skipbrudne» (FAU ved skulen). Ein av mannskapet har dog ytra seg noko til sambygdingane sine, men ikkje kome med noko redningsvest.

Resten av fleirtallskoalisasjonen sitt mannskap ser ut til å ha forlate området i U-båt. Me verken ser eller høyrer dei, men me veit at dei er her. Dei har slutta seg til framlegget, eit framlegg som bryt med dei prinsippa partia skulle byggje den nye kommunen på!

Trass i stillheten er det likevel å merka seg at barne- og familieskipet til KrF, samt kystbåten til Sotralista, gjekk til val på å ha levande bygder, og at skulestrukturen skulle vernast.

Det siste skipet i flåten er skipet til FrP. Mannskapet deira sa før valet at dei skulle høyre på dei føresette. Dei rakk visst ikkje fram i tide og uteblei då dei føresatte ved FAU ropte på dei.

Kor er fleirtalet av mannskapet på dei ulike båtane no når forliset i Blomvåg skjer?

Er dei fanga av piratar? Me undrast…..

Det er likevel å vona at heile mannskapet i fleirtallskoalisasjonen får stemme fritt og ut frå eigne meiningar, etiske og personlege verdiar, når kommunestyret skal ta stilling til om det skal lagast sak eller ei om Blomvåg skule si framtid, og om skulekrinsane nord for Svelgen bru skal endrast.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.