NAV kan ikkje krevja at gründarar skal bryta lova for å sikra seg livsopphald.

Det er harde tider for mange gründarar om dagen.
Når inntektene til eit einkeltpersonføretak tørkar inn slik at sjølvstendig næringsdrivande ikkje lenger kan forsørgja seg av inntekta, kan dei ha rett på sosialstønad, melder fylkesmannen i Vestland.
Sosialtenestelova føreset at ein må bruke alle dei pengane ein rår over før ein kan ha rett på sosialstønad frå Nav. Dette gjeld i utgangspunktet også for personar som driv enkeltpersonføretak og annan næringsverksemd for eiga rekning og risiko. I slike tilfelle er vedkomande fullt ut ansvarleg for føretaket sine forpliktelsar, også med si private formue.
NAV kan likevel ikkje krevja at ein sosialhjelpssøkjar skal setja seg i skattegjeld eller momsgjeld ved at NAV krev at vedkomande må nytte pengar frå føretaket sin konto til dekning av livsopphald, siterer fylkesmannen ein uttale frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.
NAV må klarleggja kva konsekvensar eit krav om å bruka føretaket sine pengar får når det gjeld skatt og moms og eventuelle andre forpliktingar, før NAV behandlar søknader om sosialstønad frå personar som driv enkeltpersonføretak og liknande.