Handslag til einslege minstepensjonistar

360 einslege minstepensjonistar i Øygarden vil neste år få 5.000 kroner ekstra å rutta med.

5.000 kroner ekstra vil utvilsamt merkast i økonomien til ein einsleg minstepensjonist.

Under budsjettforliket i Stortinget fekk FrP gjennomslag for å gje einslege med lågast pensjon 5.000 kroner ekstra å rutta med. 

Berre dei som har ein årleg pensjon på under 198.000 kroner og som har minimum 40 års opptening i trygdesystemet er aktuelle mottakarar av den auka pensjonen.  I praksis må dei vera fyllt 67 år. Yngre, einslege pensjonistar, særleg kvinner, har i mange tilfelle langt lågare pensjon enn dette, men vert ikkje omfatta av ordninga. 

Lønsauken vil utvilsamt koma godt med til ei gruppe som har ein økonomi under grensa til det EU karakteriserer som fattigdom. 

I Øygarden er det 360 personar som oppfyller krava, ifølgje Kristn B. Jacobsen, leiar i Øygarden FrP.

-Dette er eit viktig løft for kvardagsøkonomien til einslege eldre, skriv Jacobsen i ein epost til Øygarden24. 

FrP har medverka til å sikra norske pensjonistar høgare pensjon neste år. Dersom prognosene for løns- og prisvekst for 2021 slår til, vil pensjonistane få ein lønsvekst tilsvarande den lønsmottakarane får.

– FrP har fått gjennomslag for nesten to milliardar kroner til auka alderspensjon slik at pensjonistane i 2021 får oppretthalde kjøpekrafta si, så lenge lønnsmottakarane får det. Å sikra ein rettferdig pensjon for dei som har bygd landet vil alltid vera viktig for FrP, avsluttar Jacobsen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.