Fisken skal fram

Fv. 560 frå Beinastaden til Skogsvåg får ekstraordinært tilskot frå Stortinget til utbetring av hårnålsvingar og flaskehalsar.

Fylkesvegen kan rekna med å få 2 millionar kroner til utbetringstiltak neste år, og ytterlegare 8 millionar kroner i 2020, ifølgje ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

Det er Stortinget har løyvd pengane til utbetringa fordi dei vurderer vegen som viktig for sjømatnæringa. Dårleg vegstandard skal ikkje få utgjera noko hinder for sikker tungtransport med fisk og andre sjømatprodukt. 

«Laksevegen» frå Skogsvåg til Beinastaden er ein av seks i Vestland som får slik ekstraordinær utbetringsstøtte dei komande åra.

-Vi har sjømatverksemder på dei ytterste øyane og i fjordane våre. Slik skal det framleis vera. Mange av vegane til og frå desse verksemdene er fylkesvegar i dårleg stand, særleg vinterstid. Det er ekstra utfordrande for lastebilar å frakta vare til verksemdene, og eksportera sjømat frå kysten til marknaden. Vi håpar denne tilskotsordninga vil vera til god hjelp i åra som kjem, seier samferdsleminister Knut Arild Hareide i ein kommentar til tildelinga.

Pengane kjem utanom den ordinære støtta til fylkesvegar. Etterslepet når det gjeld vedlikehald på fylkesvegnettet er stort. For at dårleg vegstandard ikkje skal utgjera noko hinder for sjømatnæringa vedtok Stortinget nyleg å yta ekstra tilskot til ei rekkje fylkesvegar med mykje tungtransport med fisk og fiskeprodukt.

Samferdselsdepartementet fordelar midlane i samsvar med fylkeskommunane. Tilskotet vert gjeve ut frå ein føresetnad om at Vestland fylke bidreg med 60 prosent av kostandane.

Ni andre vegar i Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark får tilskot frå den same ordninga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.