Private formuer for 2,8 milliardar

Dei 22 rikaste innbyggjarane i Øygarden hadde i fjor samla private formuer tilsvarande eit heilt årsbudsjett for den nye kommunen.

Ikkje så rik likevel? Peder O. Lie er rikaste innbyggjaren i Øygarden, med ein samla formue på 2 milliardar kroner, ifølgje Kapital. Borna Gunnhild Lie Skålevik og Per William har forlengst byrja klatra på oversikten over dei mest formuande i Øygarden. Arkivbilete.

Verdiane hopar seg opp på kistebotnen for ei handfull av innbyggjarane i Øygarden. Skattelistene for Fjell, Sund og Øygarden for 2019 viser at heile 22 øygardsstrilar hadde ein likningsformue på meir enn 50 millionar kroner i fjor. 

Aleine på toppen finn vi Magne Roar Sangolt. Trond Mohn si tidlegare høgre hand har ein likningsformue på 732,7 millionar kroner. Cissel Herdis Møgster Algrøy kjem på andreplass, med ein formue på 366,5 millionar kroner.

Oversikten over dei største formuane i Øygarden er dominert av eldre menn med lang fartstid i det lokale næringslivet. Ekteskap og slektskap sikrar at det er fleire kvinner på denne lista enn på oversikten over øygardsstrilar med høgast inntekt.

Les: Dei tente over 5 millionar i 2019

Totalt hadde dei 22 private formuer på 2,8 milliardar kroner. Av dette betalte dei 47 millionar kroner i skatt.

Verd å merka seg er det at informasjon om likningsformue ikkje nødvendigvis reflektere den faktiske formuen som vedkomande kontrollerer.  Andre oversikter kan visa andre resultat.

Ikkje så rik likevel? Atle Ulveseth er nest rikaste innbyggjaren i Øygarden med ein samla formue på 1,3 milliardar, ifølgje Kapital. Arkivbilete.

Desse ti øygardsstrilane hadde høgaste likningsformuen i 2019

Namn  Formue Skatt
Magne Roar Sangolt            732 693 189        12 205 019
Cissel Herdis Møgster Algrøy            366 499 557          4 910 426
Atle Ulveseth            236 997 514          3 056 020
Øyvind Våge            179 954 221          2 760 657
Frank Lægreid            129 237 822          2 978 009
Nils Asbjørn Telle            109 383 031          1 268 464
Peder Lie            109 322 469          2 136 103
Kåre Bjorøy              77 059 877          1 919 892
Jarle Hus              74 738 441          2 394 609
Evy Ulveseth              69 371 298          1 019 684

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.