Det at det nye Sotrasambandet skal gå gjennom eit tettbygd område, er noko av det som skapar hovudbry for dei tre OPS-tilbydarane.

Det kunne prosjektleiar Arve Tjønn Rinde i Statens vegvesen fortelja dei vel 150 tilhøyrane på kveldens digitale informasjonsmøte.
Lite aktuelt
Truleg vert det likevel ikkje aktuelt å nytta Gamle Straumsbru som omkøyringsveg i anleggsperioden, kunne prosjektleiaren beroliga dei av bebuarane langsmed Bildøyvegen som har frykta 20.000 – 30.000 bilar dagleg gjennom den smale lokalvegen.
Les: Omkøyringsløysinga her kan avgjera kven som vinn OPS-kontrakten
Gjennom samtalar med prosjektleiinga i Statens vegvesen har dei tre OPS-leverandørane kome opp med forslag til alternative løysingar.
Innanfor reguleringsplanen
Utfordringar knytta til trafikkavviklinga i anleggsperioden ser likevel ut til å kunna løysast innanfor rammene for den vedtekne reguleringsplanen, kunne Rinde fortelja.
Anleggsområdet vil verta stort, og det ser ut til at det vert naudsynt å leggja om vegen fleire gongar i løpet av anleggsperioden.
-Ja, det vil verta kaos, ein kort periode, medgjekk prosjektleiinga i Statens vegvesen.

Del av konkurransegrunnlaget
Prosjektleiaren har tidlegare gått ut og åtvara om at OPS-leverandørane sine forslag til trafikkavvikling i anleggsperioden og mogelege omkøyringsløysingar over gamlevegen over Bildøy/Straume ville inngå som del av anbodskonkurransen. Dette var og eit politisk tema før sommarferien.
Gamle Straumsbru vart vurdert som eit aktuelt omkøyringsalternativ, alternativt måtte det byggjast ei ny mellombels bru, til dømes utlånt materiell frå Forsvaret.
Slik det ser ut no, er det heller ikkje aktuelt for Statens vegvesen å gjera noko med Gamle Straumsbru. Ei eventuell utviding av den smale brua frå 1920-talet ligg ikkje inne i den vedtekne reguleringsplanen, understreka Rinde.