Leie av å bu på ein anleggsplass

Snart fem år etter at dei første bebuarane flytta inn i Engjamyra Sameige opplever bebuarane det framleis som at dei bur på ein anleggsplass. No oppfordrar dei Øygarden kommune til å halda tilbake ferdigattesten til dei tre siste bygga, inntil krava i reguleringsplanen er oppfylt.

Denne steinen på 3,3 kilo fall nyleg ned på uteplassen til Lene Hansen frå den usikra skråninga bak. Nabo Georg Kleppe til høgre.

Steinsprang frå usikra skråning, manglande gatelys, grus i staden for asfalt, overvatn når det regnar, ein leikeplass som ikkje oppfyller krava i forskrifta. Dette er berre nokon av ankepunkta bebuarane i Engjamyra Sameige på Kleppe forgjeves har teke opp med utbyggjar Eide Mesterbygg AS og dagleg leiar Ove Norvald Einarsen, i følgje korrespondansen frå styret i sameiget til leiinga i Øygarden kommune.

Som eit siste halmstrå har dei fortvila huskjøparane i haust teke kontakt direkte med Øygarden kommune for å peika på feil og manglar i forhald til reguleringsplan, plan og bygningslova og gjeldande forskrifter. Slik håpar dei i det lengste at kommunen skal leggja press på utbyggjar ved å halda tilbake ferdigattestane på dei tre siste bygga i sameiget, seier styreleiar Lars Vassenden i Engjamyra Sameige.

Anleggsplass
Snart fem år etter at dei første huskjøparane flytta inn, har beburane i sameiget framleis kjensla av å bu på ein anleggsplass.

Det er særleg utomhusanlegga som haustar kritikk. Fleire av rekkefølgjekrava i reguleringsplanen er ikkje oppfylt. Utbyggjar har likevel fått ferdigattest for dei fem bygga som alt er oppført, ifølgje styreleiaren i Engjamyra Sameige.

-Øygarden kommune har gjeve ferdigattest på feil grunnlag, hevdar Vassenden.

Steinsprang

Skråninga opp mot nabofeltet Fardalen er dekka av små og store lause steinar som kan falla ned på uteplassen til Lene Hansen i Engjamyra 5.

På bordet framfor Lene Hansen i Engjamyra 5 og nabo Georg Kleppe ligg ein stein på 3,3 kilo. Nyleg fann Hansen steinen på uteplassen framfor inngangsdøra si. No tør ikkje ho lenger bruka uteplassen på grunn av stadige steinsprang frå den usikra fjellskråninga opp mot nabofeltet Fardalen. Eit felt som er bygd ut av same utbyggjar, ifølgje Vassenden.

-Alle skråningar brattare enn 35 grader skal undersøkjast av geolog og eventuelt sikrast mot steinsprang. Her er fjellveggen loddrett. Likevel er han ikkje sikra, seier Vassenden og peikar opp mot dei mange steinane som ligg og balanserer på kanten 4 – 5 meter over uteplassen til Lene Hansen. Ein kraftig regnskur, og kan hende litt frost, så må Hansen til å plukka nedfallsstein frå uteplassen sin, enno ein gong.

Rekkefølgjekrav
Ein rask rundtur på området avslører at Hansen langt frå er den einaste huskjøparen i Engjamyra Sameige som har grunn til å klaga.

Leikeplassen er ikkje ferdig opparbeida i samsvar med forskrifta, og utstyrt med leikeapparat meint for ein privat einebustad.

Det som ein gong skal verta ein felles asfaltert parkeringsplass med oppmerka felt er førebels dekka med grus. Når det regnar dannar det seg vassdammar som bilane må køyra slalåm mellom for ikkje å ta skade.

-Krava til universell utforming er ikkje oppfylt. Ein person med rullator til dømes vil ikkje klara å forsera denne plassen, konstaterer Vassenden og Kleppe.

Ferdigattest på feil grunnlag
-Alt dette vert nemnt som rekkefølgjekrav i den vedtekne reguleringsplanen, hevdar Vassenden.

Utomhusanlegga vert omfatta av reguleringsplanen og er derfor eit offentlegrettsleg tema, ifølgje Vassenden.

No har huskjøparane sett seg leie på at klagene deira ikkje vinn fram, verken ovanfor utbyggjar eller administrasjonen i Øygarden kommune. Forutan byggjesaksleiar Ole Karsten Midtgård, kommunalsjef for kultur og samfunn Råmund Skjold og utvalsleiar for plan, Svein Otto Jacobsen, er også ordførar Tom Georg Indrevik informert om situasjonen.

Bør nekta ferdigattest
I eit brev til ordførar Tom Georg Indrevik krev styret i Engjamyra Sameige at Øygarden kommune må halda tilbake ferdigattestane til dei siste tre bygga som er under oppføring, inntil rekkefølgjekrava i reguleringsplanen er oppfylt.

-Reguleringsplanen gjev uttrykk for kommunestyret sine vilkår ovanfor utbyggjar til korleis eit område skal utviklast. I dette tilfellet har administrasjonen vist at dei ikkje tek kommunestyret på alvor, hevdar Vassenden.

Reguleringsplanen for Engjamyra Sameige tilseier at det skal byggjast 32 bustadar i åtte firemannsbustadar. Dei første familiane flytta inn i 2015. Så langt er fem av firemannsbustadane bygde. Fire av bustadane er ferdig innflytta. Alle fem har fått ferdigattest.

For uteområdet, med leikeplass, vegar, parkering, lys og postkassestativ, har kommunen gjeve mellombels bruksløyve.

Sjølv ein unge kan fjerna steinhella som dekkar denne avløpskummen, viser styreleiar Lars Vassenden i Engjamyra Sameige. Uteplassen har fått mellombels bruksløyve. Bustaden bak har fått ferdigattest.


-Sjå her, seier Vassenden. For å understreka kva han meiner viser han ein open avløpskum, berre dekka med ein stein, like framfor inngangsdøra til den femte bustaden som nyleg fekk ferdigattest.

-Ein unge ville utan problem ha klart å fjerna denne steinen. Det kan fort bli farleg, åtvarar han.

Privatsrettsleg
Også bygningstekniske detaljar har hausta frustrasjon hos huskjøparane og utløyst gjentekne telefonar til utbyggjar Ove Norvald Einarsen i Eide Mesterbygg AS. Feil og manglar ved sjølve bustadane vert imidlertid regulert av kjøpekontraktane til dei einskilde bebuarane, og er dermed ei privatrettsleg sak, beklagar styret i Engjamyra Sameige.

-Om vi skal ta med det bygningstekniske, vert lista over manglar i sameiget lang som så, seier Hansen og strekkjer hendene ein meter frå kvarandre.

Konkurransevridande
Det er utbyggjar som søkjer om ferdigattest. For byggjesakavdelinga vert tildelinga av ferdigattest ei tillitssak, på grunnlag av innsend dokumentasjon frå utbyggjar.

Styret i Engjamyra Sameige oppfordrar byggjesaksavdelinga til å føre dokumenttilsyn eller koma på uavhengig kontroll for å sjekka at det huskjøparane hevdar faktisk stemmer.

-Ved å unnlata å ta klagene frå huskjøparane på alvor bidreg administrasjonen i Øygarden kommune til å leggja til rette for useriøse aktørar i byggjebransjen. Dei useriøse aktørane får ein konkurransemessig fordel framfor dei seriøse, hevdar Vassenden

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.