Ove Trellevik sikra 2. plassen på Høgre si Stortingsliste for Hordaland – nest etter Erna Solberg.

Ove Trellevik vart vald samrøystes og utan motkandidat på nominasjonsmøtet til Hordaland Høgre laurdag. 55-åringen frå Tofterøy kan dermed sjå fram til sin tredje periode på Stortinget for Høgre. Han har denne perioden vore medlem i kommunal- og forvaltningskomiteen.
Les: Sommarpraten: Ove Trellevik klar for ny Stortingsperiode
På dei to neste plassane følgjer Peter Christian Frølich og Liv Kari Eskeland frå Stord.
Då gjekk det verre for asketappen Tom Christer Nilsen. Den tidlegare fylkesordføraren i Hordaland og fast møtande vara for Erna Solberg tapte kampvoteringa om femteplassen mot ungdomsrepresentanten Charlotte Spurkeland med 108 mot 111 røyster. Høgre har i dag fem representantar frå Hordland og Nilsen ønska ikkje å kjempa om den usikre 6. plassen på lista.