Pensjonistane i Øygarden kan neste år sjå fram til ein auke i alderspensjonen til dekning av stadig høgare gebyr og avgifter.
Budsjettforliket i Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2021 inneber ein auke på to milliardar kroner til alderspensjonistane. Det er FrP, saman med mellom anna SV, som har forhandla fram auken.
Forslaget inneber at alderspensjonistane ikkje skal få redusert kjøpekrafta si, samanlikna med lønsmottakarar.
-Fremskrittspartiet har alltid vore oppteken av å sikra pensjonistane sine kår, og meint at norske pensjonistar har blitt behandlet uverdig ved at de gjennom fleire år har fått mindre att for pensjonen sin, medan folk flest har fått betre kjøpekraft, seier partileiar Siv Jensen i ein kommentar.
-Mjølk og brød, eller julegåver, kostar det same om du er bedriftseigar, arbeidstakar eller pensjonist, legg Jensen til.
Minstepensjonistane
Einslege minstepensjonistar skal få 5.000 kroner ekstra frå 1. juli neste år.
– FrP har fått gjennomslag for at einslege minstepensjonistar får 5 000 kroner ekstra utover auken i det vanlege trygdeoppgjeret. Det er svært viktig for kvardagsøkonomien deira, seier leiar av Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Erlend Wiborg.