Overtydde stort i Oslo

Andreas Skjalg Unneland vann kampvoteringa om 3. plassen på Stortingslista til Oslo SV.

Ungdomspolitikaren Andreas Sjalg Unneland har teke eit nytt steg på sin politiske karriere.

Ungdomspolitikaren Andreas Skjalg Unneland (26) kom inn i politikken i Fjell som eit friskt pust ved kommunestyrevalet i 2015. Han markerte seg sterkt i kampen mot nedlegginga av tre av barneskulane i kommunen, og leia mellom anna abeidet med kommunen sin første og einaste kulturminneplan.

Les: Viktige innspel – krevjande prioriteringar

Parallelt med jusstudiene leia han Sosialistisk Ungdom frå 2018 til sommaren 2020. 

No skal den utflytta Sotrastrilen sikra Oslo SV tredje mandatet på Stortinget til hausten. Ifølgje NRK vann Unneland kampvoteringa om 3. plassen på lista, mot den sitjande Stortingsrepresentanten Petter Eide.

Bustadpolitikken vil vera Unneland si viktigast kampsak i Stortingsvalet, ifølgje presentasjonen i forkant av nominasjonsmøtet.

Oslo SV har to kvinner på topp, Kari Elisabeth Kaski på førsteplass og Marion Hussein på andre plass.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.