Kalenderen seier 1. søndag i advent, men naturen har ikkje teke vinterferie.

Når hageeigaren kikkar nærare etter, er det flust av lovnadar om ein ny vår i alt det brune. Sjølv om regnet bøttar ned og sola ikkje lenger maktar turen over Ekrafjedlet, sørgjer ein jamn temperatur på 8 – 10 plussgrader for å oppretthalda håpet og livsgneisten hos plantar som har kome i utakt med kalenderen.
Kvit helleborus og blå primula gjev dei gule valmuene konkurranse om å vera lyspunkt i bedet framfor inngangsdøra. Mest synlege er likevel rosene. Hagens dronning viser fingeren til årstida. Svinnande lys er ikkje noko hinder for sein remontering. Den tredje i år.
Ei natt med temperatur ned mot null var signalet etternølarane venta på. Gold Mari, Bonica og Home&Garden står med bleike skuggar av sommaren si blomeprakt. Det ser ut til at hageeigaren vil kunna supplera julekaktus, amaryllis og azalea med heimedyrka roser eit godt stykke inn i førjulsmånaden.
Med slike mirakel utanfor stovedøra, seier det seg sjølv at gult vert adventsfargen dette året.