Eit land på fire hjul – korleis bilen erobra Norge

Bilane har endra Sotra, men også resten av landet. Bilen sin historie er like mykje ei historie om moderne samfunnsutvikling.

Illustrasjon frå bokomslaget.

Øygarden24 har tidlegare skrive om korleis bilen formar Sotra. 

Les: Oppfinninga som formar Sotra

No har Ulrik Eriksen skrive historia om kva som skjedde då bilen kom til eit land der sjøvegen lenge var viktigare enn landevegen. Boka «Eit land på fire hjul – korleis bilen erobra Norge» er ei utruleg og til tider surrealistisk forteljing om ei revolusjonerande oppfinning, og om korleis pengemakta sette alle andre omsyn til side for å fremma den nye transportteknologien.

For bilen var lenge ein luksus forbehalde eit fåtall – menn, sjølvsagt. Eit faktum som også har kome til å prega kommunikasjonen kring framkomstmiddelet, frå starten og fram til i dag.

Bilen har blitt heia fram, og problema han fører med seg feia under teppet, skal vi tru Eriksen.

Les: Då sotrastrilen skreiv samferdslehistorie

Noko klart skilje mellom areal tiltenkt fotgjengarar og areal tiltenkt bilar var slett ikkje sjølvsagt dei første tiåra. Det var langt mellom bilane, og at folk flest ferdast like mykje i gata som på fortauet. Ulukkene var skremmande mange. Klasseskilnaden mellom den typiske bilist og den typiske fotgjengaren innebar likevel at fotgjengarane lenge fekk skulda for ulukkene. Det skjedde sjølv i tilfelle der føraren var rusa og kom til å drepa ungar i barnevogner oppe på fortauget med den vettlause køyringa si.

Byutvikling
Bilen endra byane. I etterkrigstida kom byutviklinga til å stå i bilen sitt teikn. For bilane var ikkje lenger reservert dei rike. Frisleppet av importen av rimelege personbilar i 1960 sette for alvor fart i utviklinga.

Utviklinga vart driven fram av ei handfull sentrale aktørar. Frå Bergensavisene har vi alt fått med oss diskusjonen om Fritz C. Rieber og hans rolle som byutviklar. Men også Statens vegvesen sin sterke mann i Hordaland Arild Eggen er mellom dei som er via ein plass i boka.

Med bruer og tunnelar på plass er det ikkje lenger naudsynt å byggja tett og kompakt, med alle fasilitetar innan gangavstand. Bilen har lagt grunnlaget for sovebyar og pendlartilvære, og for rekordsterk folkevekst på Sotra og for nytt Sotrasamband, med køyreavstand frå bustad til arbeidsplassar og tradisjonelle handleområde i sentrum.

Både båten og toget har blitt sett på sidelinja av den framfusande teknologien. Kollektivtransporten kjem i skuggen. Her er det kvar mann sin bil som gjeld.

Stadig fleire bilar inn i eit vegsystem opphaveleg bygd for hest og kjerre endar sjølvsagt med kø. Laaange køar. Nye vegar bygde for å innkorta reisetida, førte berre til at talet på bilar auka enno meir og at køane var enno lengre. Ein vond sirkel som det lenge har vore brei semje om å løysa med å byggja enno fleire og breiar vegar.

Eriksen får fram den gradvise haldningsendringa til bilen, frå å vera ein luksus for dei få til å verta eit samfunnsproblem. Han tek historia heilt fram til dagens subsidiering av elbilar, etter først å ha gjort ein sving innom miljøvernminister Gro Harlem Brundtland og Bellona si lovprising av miljøvenlege dieselbilar!

«Eit land på fire hjul» er ei komprimert Norgeshistorie med utgangspunkt i moderne samferdsle. Ei historie du knappast vil tru før du har lese.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.