Ein mann i slutten av 40-åra frå Øygarden er død som følgje av korona.
Det melder Øygarden kommune i ei pressemelding i kveld, tirsdag.
Mannen døydde etter eit lengre opphald på sjukehus. Familien har born i skulealder og fleire kommunale einingar er engasjerte i oppfølginga av familien.
Ordførar Tom Georg Indrevik kondolerer familien.
– Dette er ein trist dag for heile Øygarden kommune. Mine tankar går til familie og vener som no har mista ein av dei aller næraste. Dette dødsfallet pregar oss alle. Det viser kor alvorleg denne pandemien er og kor viktig det er at vi tek vare på kvarandre, seier Indrevik.
Sidan mars har 241 innbyggjarar i kommunen testa positivt for covid-19.