Øygarden var einaste nabokommunen til Bergen med positiv folkevekst i 3. kvartal.
Sjølv om folkeveksten har krympe radikalt siste åra samanlikna med kva vi har vore vane med, er det ingen tvil om kven av nabokommunane til Bergen som veks mest i 2020.
Les: Folkevekst – den nye normalen
Netto folkevekst i Øygarden i tredje kvartal 2020 utgjorde 128 personar, omlag likt fordelt mellom fødselsoverskot og tilflytting, ifølgje siste statistikken frå SSB.
Ingen av dei andre nabokommunane til Bergen kan visa til tilsvarande vekst i perioden. Nærast kom Bjørnafjorden, med null. Både i Askøy og Alver var folkeveksten negativ.
Samla folkevekst i Øygarden hittil dette året er 297 personar. Ved utgangen av september var det til saman 38.612 innbyggjarar i kommunen.
Folkevekst 2020 | 1. kvartal | 2. kvartal | 3. kvartal | Hittil i år |
Bjørnafjorden | 57 | 10 | 0 | 67 |
Øygarden | 93 | 75 | 128 | 296 |
Askøy | 25 | 58 | -66 | 17 |
Alver | 72 | 29 | -31 | 70 |